Jula er ikkje stas

Jula kan vere ei vanskeleg tid, både for vaksne og barn. (Foto: Kirkens Bymisjon)
Jula kan vere ei vanskeleg tid, både for vaksne og barn. (Foto: Kirkens Bymisjon)
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

For folk med årelang erfaring i å ikkje vere ein del av samfunnet, er jula berre ein parentes. Noko ein skal kome seg fortast muleg gjennom, fortel Kirkens Bymisjon.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er travelt på bymisjonen. Julelotteriet er nett avslutta og folk kjem oppom for å hente fenalår, blomar og andre gevinstar.

Julesesongen er alltid travel, seier dagleg leiar i bymisjonen i Haugesund, Arne Valen. Både fordi dei sjølve girar opp aktiviteten med støttekonsertar og andre inntektsbringande arrangement - det er jo lett å få folk til å bidra i julemånaden, men og fordi det er ein sesong kor dei som er fattige på pengar og nærleik strevar litt ekstra.

Tøffe tider

Kirkens Bymisjon deler ikkje ut gåver og mat i juletida, dei jobbar meir på heilårsbasis. Dei driv med arbeidstrening, hjelper folk å bli økonomisk ansvarlege, ordnar bustad og møbler, og no i den kalde årstida hjelper den til med å skaffe ved til dei som frys.

For rusmisbrukarar og familiane deira kan desember månad vere tøff å kome gjennom.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi merker at folk har meir trong for å snakke og dele tankar, medan det praktiske kjem meir i bakgrunnen, fortel miljøarbeidar Jone Weyer.

– Dei tenkjer på familien dei kanskje ikkje får treffe, situasjonen dei er i.

Store forventningar

Mange kjenner seg maktelause fordi dei ikkje kan bidra slik dei ønskjer økonomisk i ein sesong kor resten av samfunnet pøsar ut. Problemstillinga kring pengar og jul er todelt, meiner Valen. På den eine sida har ein foreldra som ikkje greier å yte omsorg, og som overkompenserer med det som kan kjøpast for pengar. På den andre finst sida dei som slit med å følgje dei forventningane ungane har til kva som skal liggje under treet til jul.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kan vere tøft nok å ikkje kunne gje ungane det dei ønskjer seg til jul, når ein veit at dei skal møte skulekvardagen etterpå og ikkje kunne nå opp når lista over gåver skal vurderast. Store ungar forstår dessutan at dette er vondt for mor og far, og det gjer det enno vanskelegare, seier miljøarbeidaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ønskjer edru foreldre

Eit vel så stort problem for denne sesongen, er rusen. Både den blant dei barka rusmisbrukarane, men og den som føregår innanfor kjernefamilien.

– Rusen er dessverre ein stor del av jula, og veldig mange barn ønskjer berre at foreldra skal vere edru, seier Arne Valen.

Kirkens Bymisjon bruker mykje tid og krefter på å drive rusførebyggjande arbeid og foreldrerettleiing. Rusførebygginga må inn i skulane, og miljøarbeidar Weyer er kritisk til at skolane har så små sosiallærarressursar.

– Ein sosiallærar på ein skule med 6-700 elevar, slik ein finn i Haugesund, er alt for lite, meiner han.

Foreldra må heller ikkje vere så naive at dei trur at så lenge barnet mitt ikkje brukar narkotika, så får eg vere fornøgd, seier han vidare.

– Når ungar ned i 8. klasse går ut og drikk to gonger i veka, så går det ikkje greitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire i jobb

I sommar starta Kirkens Bymisjon opp prosjektet «I Jobb», kor rusmisbrukarar får delta i arbeidslivet på enkle premissar. Det er eit her og no-tilbod kor brukaren møter opp og skriv under på ein dagskontrakt som regulerer arbeidstid- og omfang og ikkje minst omfanget av rus.

Arbeidet kan vere å luke beda for bedrifter, rake lauv eller pusse opp. Brukaren tener nokre sårt tiltrengte kroner, og bymisjonen betalar skatt og arbeidsgivaravgift. Her tener brukaren ikkje berre pengar, men og auka sjølvrespekt, meiner Valen og viser til at 14 rusmisbrukarar har deltatt i jobbprosjektet berre i Haugesund.

Gleda er derfor stor over at Haugesund kommune har ytt tilskot som gjer at tilbodet kan vidareførast også neste år.

- Men i den daglege drifta er vi heilt avhengige av innsamla midlar i tillegg til ulike tilskot vi får frå kommunen, understrekar Arne Valen.