- I år pyntar eg ikkje til jul

Han har vore rusmisbrukar bortimot halve livet. Til neste jul håpar «Arild» å få meir skikk på livet sitt. (Foto: Toyni Tobekk)
Han har vore rusmisbrukar bortimot halve livet. Til neste jul håpar «Arild» å få meir skikk på livet sitt. (Foto: Toyni Tobekk)
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Arild» har vore på kjøret i seksten år, men har alltid stelt til jul. Dette året skal han bryte tradisjonen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er få dagar til julaftan. Haugesund by har pynta seg med stjerner og glitter. I det gule huset til Kirkens Bymisjon sit «Arild» i arbeidsklede og drikk kaffi.

- Nei, dette året skal eg ikkje pynte, seier han. I løpet av alle desse åra med rus og eit liv på kanten, så har det å pynte og ordne opp til jul vore noko å gjere for å gje eit skinn av eit normalt liv.

Om han ikkje fiksa alt det andre i livet, så har han stelt til jul slik alle andre gjer det. Men i år synest han ikkje det trengst.

– Eg er ikkje så opptatt av jula, eg er meir opptatt av å leve

Lite til gåver

«Arild» er 36 år og far til to. Ungane bur ikkje saman med han, den eine vil ikkje treffe han heller. Men ungen på 12 treff han rett som det er, skjønt samveret har starta nokså nyleg.

Og no er det snart jul, med dei forpliktingane det fører med seg. Julegåver, til dømes. På det området har ikkje «Arild» så mykje val.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Med minstetrygd og ei beskjeden bi-inntekt er det uråd å kjøpe Play-Station til fleire tusen kroner, seier han, og er samstundes klar på at det ikkje er det viktigaste for verken han eller ungen.

– Det må bli ei gåve av kjærleik, av det eg kan gi. Det forstår ungen min.

Rollemodell i framtida

Alt for mange foreldre prøver å kjøpe seg fri frå dårleg samvit med flotte presangar, det er heller ikkje rett, meiner «Arild».

Han er ikkje sikker på kor mykje ungane hans veit om rusmisbruket, muligens veit dei ingenting. Men dei vil vekse opp og forstå ein gong. «Arild» er klar over kor viktig foreldrerolla er. Sjølv er han vaksen opp i ein tilsynelatande vellukka, men alkoholisert, heim. Han var ikkje gammal før han kjente ubehaget og redsla når dei vaksne rusa seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg gruar meg til ungane mine blir store, seier han. – Då skal eg vere ein rollemodell, på toppen av alt anna.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Edru julaftan

Framtidsutsikter er ikkje det enklaste å diskutere for ein rusavhengig . Gode intensjonar er ein ting, men å kome seg tørrskodd gjennom rusen er tøft. «Arild» har vore på avvenning ved fleire høve, siste gongen i 18 månader. Men kvar gong har han sklidd utpå att, gradvis. Det livsviktige ettervernet har ikkje vore der, seier han.

No set han seg små mål, og håpar at han innan neste jul er rusfri og har kome seg på skule eller inn i ein fast jobb. Ein ting veit han i alle fall, og det er korleis 24. desember blir.

– Julaftan rusar eg meg ikkje, den dagen i året held eg meg edru.