Ni av ti sender julekort

Ni av ti sender julekort
Ni av ti sender julekort
Artikkelen fortsetter under annonsen

Me har aldri sendt så mange julekort som i år. Dei to siste vekene før jul vert det sendt om lag 30 millionar julekort og brev her i landet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:
Judith Sørhus Litlehamar

Ei undersøking utført av TNS Gallup i november i år viser at gjennomsnittsnordmannen sender 10 julekort og at mengda med julekort her i landet aukar år for år.

- Me trudde at julekortet skulle tape for SMS, MMS og e-post. Men det me ser er det motsette, mengda med julekort aukar jamt og trutt, med om lag ein eller to prosent i året, seier pressesjef i Posten, Kjell S. Rakkenes til ABC Nyheter.

Vil ha julekort

Undersøkinga viser også at ni av ti nordmenn sender julekort i år og at sju av ti meiner julekorta er viktige for juletradisjonen.

- Dette viser at folk set pris på eit personleg, handskrive julekort. Dei likar tanken på at folk har brukt tid på akkurat dei. Det tek fort fem-ti minutt å skrive eit julekort, medan ein sender ein SMS på 20 sekund, meiner Rakkenes.

Halvparten av oss nøyer oss med å skrive God Jul og Godt nytt år, medan resten derimot skriv riktig langt, og gjerne detaljert om familien, året som gjekk og borna.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Julenissen mest pop

- Dei tre mest populære motiva på julekortet har vore like populære dei siste 200 åra, seier Rakkenes og viser til at den soleklare vinnaren er julenissen. Deretter kjem norske vinterlandskap og nostalgiske vintermotiv hakk i hel.

- Me trudde den store vinnaren skulle bli bilete av eigne born, men den kom ikkje før på fjerdeplassen.Det minst populære motivet viser seg å vere religiøse motiv.

- Det seier ein del når jula sitt eigentlege bodskap ikkje klarer å konkurere med julenissen, meiner pressesjef Kjell S. Rakkenes.