Meny

Utruskaps-TV i 2008

Utruskaps-TV i 2008

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Utruskap blir tema for ny TV-serie som skal vere klar i 2008. - Eit spennande tema som pirrar og berører folk, sier frontperson Frode Thuen.

Psykolog og familieterapeut Frode Thuen skal vere gjennomgangsfigur i ny tv-serie som skal ta for seg utruskap.Psykolog og familieterapeut Frode Thuen skal vere gjennomgangsfigur i ny tv-serie som skal ta for seg utruskap.

Prosjektet som foreløpig har fått namnet «Kjærlighetens bakgater» skal vere heilt i startfasa. Men Pandora Film og psykolog Frode Thuen planlegg å få ferdig ein TV-serie på fire episodar i løpet av 2008.

- Vi held på å utvikle prosjektet no, kan Morten Offerdal i Pandora Film fortelje til ABC Nyheter.

- Vi har ikkje gått til tv-kanalane med det enno, vi vil gjere ferdig forprosjektet før vi presenterer det. Og vi er usikre på om det er eit typisk TV2- eller NRK-program.

Kostbar

Og det vil bli ei kostbar satsing.

- Kostnadane ligg nok på halvannan million per episode, fortel Offerdal.

- Vi planlegg å lage ein film noir-versjon av «Typisk norsk».

Serien vil følgje mønsteret til det populære språkprogrammet til Petter Skjerven, der psykolog og familieterapeut Frode Thuen skal vere ein gjennomgangsfigur som skal kome med faglege innspel og kommentarar og følgje sjåarane inn i mørke bakgater, klubbar og andre lyssky stader.

Rammar 70 prosent

- Utruskap rammar 70 prosent av langvarige parforhold, så dette er eit tema det er viktig å setje søkjelys på, seier Frode Thuen til ABC Nyheter.

- Det skal hovudakleg vere folkeopplysning, men også underhaldning. Dette er eit spennande tema som pirrar og berører folk, og som får store konsekvensar for dei det gjeld. Eg har arbeidd med temaet lenge, og for min del kjennes denne tv-serien som ei naturleg vidareføring av min måte å drive formidling på.

Sjølv om utruskap er eit stort problem i mange parforhold, trur ikkje Thuen at desember er ein månad då folk er mei utru enn elles i året.

- I julebordtida er det nok ein større fare for å vere utru enn elles i året, men i sjølve julehøgtida er ein stort sett saman med familien, seier han.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus