Kva er det beste julesnopet?

Kva er det beste julesnopet?
Kva er det beste julesnopet?

Sjokolade eller marsipan? Nidar eller Freia? Sju sukkerglade born har sagt meininga si.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Testing:
Julesnop er godt, meiner Camilo (7) (t.v) , Camilla (10), Kristian (12) og Mari (8). (Foto: Judith Sørhus Litlehamar)

ABC Nyheter arrangerte ein uhøgtidleg test av årets julesnop. I panelet sat sju ekspertar i alderen sju til 12 år. Her er resultatet.

Nidar - Julemarsipan

Det første som vart testa var julemarsipanen til Nidar. Ein raud pose med julestjerner og figurar forma som hjerter, nissar og griser gav klare juleassosiasjonar.
Og ei god blanding av sjokolade og marsipan er ein klar vinnar blant borna som set julemarsipanen høgt opp på ønskelista av julesnopet.
- Å, dette er jo marsipan, seier Kristian (12) og lyser opp. Den einaste innvendinga rundt bordet er at det var litt lite smak på marsipanen.

Konklusjon: Ein klassikar. Fine figurar, pluss for at sjokolade og marsipan er blanda i same posen. Minus for litt lite smak.

Brynhild – Julemix

Julemix er ei blanding av gele, skum og sjokolade, og skal etter reklamen vere for heile familien.
Panelet vårt vart delte i to, nokre meinte dette var ein kjempevinnar, andre meinte smaken var for dårleg.
Alle var uansett samde om at posen var fin og «julete».
- Smaken av snopet sat iallfall i lenge, seier Arild (10)

Konklusjon: Pluss for at det ikkje berre er sjokolade i posen. Minus for variert smak. Fin pose og figurar.

Nidar – Julesjokolade

Det vart ein overraskande jubel blant borna då Nidar sin Julesjokolade vart sendt rundt.
Trass i at fleire av dei meinte sjokoladeplata var ein typisk ”vaksensjokolade”, vart den umiddelbart kåra til testens beste sjokolade.
- Dette var veldig godt, er det nøtter i denne, seier Arild (10) spørjande..
- Nei…kjem det tvilande frå dei andre.
- Det kjennes iallfall slik ut, svarer han kjapt.
- Det var ein god og sterk smak på denne sjokoladen, seier Lars (12)
- Det smakar meir jul, legg Kristian (12) til.

Konklusjon: Den sterke og gode sjokoladesmaken gjorde den til testens beste. Litt minus for å vere litt «vaksen».

Freia – Melkesjokolade

Posen med figurar av melkesjokolade er heilt klart den mest «julete» av snopet. Og borna var tydeleg imponerte over dei detaljerte julenissane.
Innhaldet var derimot litt skuffande.
- Dei er hole inni, dette er lureri, slo Kristian (12) fast og får støtte av Arild (10) som også legg vekt på at figurane har lett for å sprekke.
Mari (8) tok den største av nissane, men måtte gi opp og sende den på omgang rundt bordet for å bli kvitt sjokoladenissen.
- Men dette smakte jul, seier Lars og nikkar.
- Og korleis smaker jul, lurer Mari og smiler.

Konklusjon: Pluss for fine figurar og «julete» pose. Stort minus for at det ikkje er noko inni nissane. Fleire av borna følte seg lurte.

Nidar – smågodt

Smågodtet frå Nidar hadde juleform som hjerte, stjerne og gris. Figurane har gele inni – noko som vart ein suksess blant borna.

Konklusjon: Figurane var fine. Stort pluss for gele inni, men minus for ein litt mektig og mettande smak.

Jacquot - Chocolate Greetings

Posen er tradisjonell og «julete». Sjokoladen er forma som juletrekuler og haustar ros for å vere litt spesiell i formen. Lars (12) tar tak i ei av kulene og bankar på den med fingrane.
- Hm…eg trur desse og er hole….
- Dei tålar nå iallfall litt, seier Daniel (12) og hiv kula i bordet som ein liten test på kvaliteten.

Konklusjon: Pluss for fint mønster på kulene, dei var julete, hadde god smak og gjekk ikkje frå kvarandre. Minus for å vere hole.

Nidar - Juleseigmenn

I følge reklamen har juleseigmennene til Nidar fått nisselue og ny julesmak. Testpanelet vårt meiner nisseluene var fine, men smaken var heilt som vanleg.

Konklusjon: Seigmennene var fine, men ingenting spesielt «julete» med smaken. Litt skuffande.

Cloetta - Juleskum

Posen med juleskum er «julete» og fin. Men skummet fekk dårleg respons frå panelet vårt.
- Kvifor er skummet kvitt og rosa? Kvifor er det ikkje raudt?, seier Camilla (10) spørjande.

Konklusjon: Posen var fin, men skummet var ikkje så «julete», det kunne godt vore raudt på farge. Og nokre meinte smaken var litt kvalmande.


Testpanelet vårt er samde om at det beste julesnopet er ei blanding av sjokolade og marsipan.
Men topp-plasseringa tok uansett Nidar sin julesjokolade på grunn av den sterke og gode smaken. På botn finn me det rosafarga juleskummet til Cloetta.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus