Kuttar krava til støtte

Kuttar krava til støtte
Kuttar krava til støtte
Artikkelen fortsetter under annonsen

Blå Kors Ungdom er ein av fleire organisasjonar som nå får støtte etter Manuela Ramin - Osmundsen reduserer krava i regelverket.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:
Judith Sørhus Litlehamar

- For oss var det veldig greit at departementet gjekk ned på medlemskravet for å gi støtte. Me har mange ungdommar som deltek på våre aktivitetar, men som kanskje ikkje er medlemmer, seier dagleg leiar i Blå Kors Ungdom, Solvei Grimen Fosse til ABC Nyheter og viser til at folks forhold til organisasjonane er i endring.

- Folk er mindre organisasjonskjære i dag enn dei var før.

Må oppfylle krav


I det nye regelverket har departementet redusert medlemskravet for støtte frå 1000 til 700 medlemmer. Den kristne organisasjonen Blå Kors Ungdom har i dag om lag 850 medlemmer fordelt på 24 lokallag i åtte fylker.

- Me er avhengig av støtte frå staten for å halde oppe drifta, seier Fosse som så langt er udelt positiv til dei nye forskriftene om tilskot. Også største delen av organisasjonen sine inntekter er i dag frå statlege støtteordningar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det nye regelverket til departementet er bygd opp med visse kriterium for støtte: organisasjonen må gjennomføre kursverksemd, medlemstalet må vere minimum 700 medlemmer og ein må ha minst fem lokallag fordelt på fem fylker.

Klarer seg likevel


Blå Kors Ungdom arrangerer mange aktivitetar der alle, ikkje berre medlemmene, kan delta. Døme på aktivitet er klatring, rafting og ungdomsklubb, dermed vert behovet for økonomisk støtte betrakteleg større.

Organisasjonen har vore ein av fleire deltakerar i eit treårig prosjekt der målet var å kome opp i 1000 medlemmer. No ser det derimot ut som om dei til trass for eit lågt medlemstal likevel vil få økonomisk støtte frå departementet.

- Me håpar med dette å ha utarbeidd eit stabilt regelverk. Departementet har hatt dialog med barne - og ungdomsorganisasjonane og har etter deira ynskje gjeninnført kursaktivitet som kriterium for berekning av tilskot, seier barne - og likestillingsminister Manuela Ramin - Osmundsen i ei pressemelding.