Kutta nynorsk - fikk betre karakterar

Kutta nynorsk - fikk betre karakterar
Kutta nynorsk - fikk betre karakterar
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Usakleg og fiendtleg, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Byrådet i Oslo står bak forsøket med sidemålsfritak i osloskulane og legg fram ein rapport seinare i dag. Ifølgje Mållaget og Målungdommen, skal denne sluttrapporten syne at karaktersnittet for dei elevane som har fått fritak frå sidemålsundervisninga har gått opp.

- Vi har ikkje lese rapporten enda og er svært spente. Vi har likevel allereie motteke nokre signal på at rapporten syner at karaktersnittet har gått opp for dei elevane som har fått fritak frå sidemålsundervisinga. Uansett, kan ein ikkje måle effekten ettersom forsøket er uvitskapleg, seier Hege Myklebust, leiaren i Noregs Mållag til ABC Nyheter.

- I dette prosjektet har ein teke vekk sidemålsundervisninga og innført ei rekkje andre tiltak. Den negative innstillinga til nynorsken i osloskulane er sterk den dag i dag og bevisst motstand frå både lærarar og elevar forplantar seg nedover. Språkstriden har blitt overlevert frå generasjon til generasjon og i dag lever det ei førestilling om at nynorsken er både kjedeleg og vanskeleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Langt frå vitskapleg forskning

- Det har vore store problem med å få denne rapporten evaluert av fagfolk, både ved Universitetet og Høgskolen i Oslo, på grunn av at prosjektet ikkje er målbart og forsøket ikkje er vitskapleg, informerer Myklebust.

Mållagsleieren har sjølvsagt sine eigne synspunkt på saka.

- For å motverke denne raporten må andre fagfolk gå ut og uttale seg om prosjektet, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Strategisk maktkamp

Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom, meiner nynorsken blir brukt i ein stategisk kamp om politiske stemmer.

Kihl meiner at bystyret gjer det dei kan for å la nynorsk sitje att som svarteper i osloskulen. Han meiner prosjektet er forskning med politisk siktemål.

For å motbevise påstanden at ein er best utan nynorsken, vil Kihl peike på dei metodiske svakheitene og den skeive framstillinga som vert gjort.

- I staden for å gjennomføre eit stort forsøk som går ut på å ikkje gje elevane opplæring i heile læreplanen, meiner vi byrådet burde hatt mot til å gjennomføre eit positivt sidemålsforsøk i like stor stil, kommenterer Kihl. Han meiner at dei gode nynorskprosjekta finst, men at osloskulane overser dei med vilje.

- Vi krev eit motprosjekt der det vert lagt like stor vekt på nynorsken. Nynorsk viser breidda i det norske språket, og vi treng å kjempe imot utelukking i skulane - ikkje ein usakleg og fiendtleg debatt.