Pippis mamma fyller hundre år

Pippis mamma fyller hundre år
Pippis mamma fyller hundre år

- Pippi var ein revolusjon, meiner Lindgren-forskar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Fakta

Fødd Astrid Anna Emilia Ericsson 14. november 1907 i Vimmerby i Sverige. Alt i 1920 vann Lindgren ein novellekonkurranse i lokalavisa Vimmerby Tidning. Ho arbeidde som både som journalist og sekretær, før ho blei «hemmafru» og etter kvart forfattar.

Bøkene hennar er omsette til 94 språk.

Forfattaren døydde 28. januar 2002 og er gravlag på fødestaden i Vimmerby.

Foto: Scanpix

Agnes-Margrethe Bjorvand likar kontrastane i Astrid Lindgrens bøker. - Det triste og det morosame heng alltid tett saman.Agnes-Margrethe Bjorvand likar kontrastane i Astrid Lindgrens bøker. - Det triste og det morosame heng alltid tett saman.

- Det er mykje humor i Astrid Lindgrens forfattarskap, men det alvorlege og det triste er aldri langt unna. Veldig ofte ler ein med ei lita sårheit i hjarta, når ein les Lindgrens bøker.

Det seier forskar Agnes-Margrethe Bjorvand ved Universitetet i Agder. Ho har arbeidd med Astrid Lindgrens tekstar i ei årrekkje. For tida skriv ho doktorgrad om forfattarens bildebøker.

Inspirerer

Bjorvand trur det er samansette grunnar til at bøkene hennar framleis er så populære:

- Dei sel godt først og fremst fordi det er god litteratur. Men populariteten heng også saman med at vi vaksne ikkje er så flinke til å orientere oss i nyare litteratur. Vi har lese Lindgren sjølve då vi var små, og kjøper det difor til våre eigne barn.

Men forskaren trur ikkje Astrid Lindgren sender for lange skuggar over yngre barnebokforfattarar:

Astrid Lindgren saman med sin mest populære figur, Pippi Langstrømpe. (Foto: Scanpix)Astrid Lindgren saman med sin mest populære figur, Pippi Langstrømpe. (Foto: Scanpix)

- Eg trur heller ho inspirerer og motiverer. Lindgren har bana veg for mykje av den litteraturen som blir skriven i dag.

Særleg Pippi Langstrømpe har hatt denne funksjonen, etter Bjorvands meining.

- Pippi var ein revolusjon. Før Lindgren likna jentene i barnebøkene mest på Annika, men her kom det endeleg ein jentekarakter som appellerte like mykje til gutar som til jenter.

Før Pippi sto nemleg den pedagogisk barnelitteraturen sterkt. Barna skulle først og fremst lære. Men Astrid Lindgren skjønte at barn har like stort behov som vaksne for å oppleve gjennom lesinga.

Kva er din favoritt blant Astrid Lindgrens bøker? Er det «Pippi», «Emil i Lønneberget», «Brødrene Løvehjerte» eller «Ronja Røverdatter»? Eller nokon heilt andre? Skriv inn i kommentarfeltet under.

Pippi er gjerne den første folk tenkjer på når dei høyrer namnet Astrid Lindgren. Og er det karneval i barnehagen, kan du vere viss på at det kjem minst fire eller fem pippi-ar. Historia om korleis den populære jenta blei til, er kjend for dei fleste. Dottera Karin låg sjuk med lungebetennelse vinteren 1941, og bad mora fortelje om «Pippi Langstrømpe», eit namn ho kom på i farta. Og i 1945 kom den første Pippi-boka ut i Sverige.

Anarkisten Pippi

Bjorvand kan fortelje at Pippi Langstrømpe stort sett fekk positive omtalar i Sverige. Heilt til bøkene kom som opplesing i radio, då ein del byrja å opponere mot karakteren:

- Mange var i harnisk over at Lindgren hadde skapt eit «dårleg» forbilde for barna. Men dei var nok ikkje klar over at Lindgren var ein svært belest forfattar. Ho kunne mykje om barneoppdraging, og var blant anna inspirert av Bertrand Russell sine teoriar om fri oppdraging.

- Det var heller aldri Lindgrens meining at Pippi skulle vere eit førebilde for andre barn. Pippi-figuren oppdrar seg sjølv, ho er på eit vis ein vaksen i ein barnekropp. Slik gjorde Lindgren narr av vaksne som brukte instinkta sine når dei oppdro barn, som trugar og brukar vald, i staden for å lytte til barnepsykologar, som gjerne veit betre, meiner Bjorvand.

Til Noreg kom Pippi i 1946, same år som ho blei lansert i Finland og Danmark. Bjorvand kan fortelje at den franske utgåva av Pippi frå frå 1951 blei sterkt sensuert, fordi teksten var for «anarkistisk» og «lite røyndomsnær»:

- Franskmennenei hadde til dømes problem med at ei lita jente som Pippi skulle bere ein heil hest. Så dei endra det til ein ponni, akkurat som om dét er så mykje meir realistisk, ler Bjorvand.

Men det var ikkje berre i Frankrike det blei gjort endringar i Pippi-bøkene:

- Det er blei gjort fleire endringar også i dei norske omsetjingane. Det var tre ulike omsetjarar av Pippi-bøkene, Håkon Bjerre, Hans Baarvig og Jo Tenfjord. Dei kutta alle ut setningar og gjorde ein god del småendringar, som sjølvsagd fører til ei forflating av språket. Til dømes gjer Lindgren eit poeng av at Pippi ikkje kan telje. På svensk tel ho: «1, 2, 19...», på norsk blei det til «1,2,3...».

Einsemd

Sjølv har Lindgren-forskaren ein anna favoritt blant Lindgrens mange skattar:

- Eg er veldig glad i «Rasmus på loffen». Det er ei gripande god historie, som handlar om det Lindgren var oppteken av heile livet, nemleg forholdet mellom barn og vaksen.

Rasmus er ein av dei mange einsame små gutar i Lindgrens forfattarskap. Han er foreldrelaus, men går ut og finn seg sin eigen far, loffaren Paradis-Oskar.

- Karakterane og historia i denne boka er nydeleg og varmt skildra, meiner Bjorvand.

Lindgren fekk då også H.C. Andersen-medaljen, ei av dei høgast hengjande utmerkingane innan barnelitteraturen, for nettopp denne boka i 1958.

- Vil Astrid Lindgrens bøker framleis bli lesne om femti år?

- Det vil jo vise seg, men eg trur Lindgren alltid vil bli lesen. Ho skriv om allmenngyldige tema, om kor vanskeleg og flott det er å vere menneske. Det spesielle med Lindgren er dei store kontrastane: Det kan vere veldig vondt, som for Bosse i «Mio, Min Mio», som veks opp hos fosterforeldre som ikkje er glad i han. Og så kjem han til Landet i det fjerne, der han blir elska utan vilkår.

Bjorvand vel å avslutte med ei ei sterk tilråding til alle Lindgren-fans:

- Les bøkene hennar på originalspråket. Lindgren skriv eit fantastisk svensk, og ei omsetjing vil alltid vere ei tolking.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus