Biblioteksbøker levert tilbake etter 126 år

Biblioteksbøker levert tilbake etter 126 år
Biblioteksbøker levert tilbake etter 126 år
Artikkelen fortsetter under annonsen

Chile har leverte tilbake 3.778 bøker som landets soldatar stal frå Perus nasjonalbibliotek for 126 år sidan.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Levert etter forfall:
Ein mann studerer dei peruanske bøkene som Chile returnerte under ein seremoni ved Nasjonalbiblioteket i Peru tirsdag 6. november. (Foto: Reuters/Scanpix)

I 1881 plynda chilenske soldatar Perus nasjonalbibliotek, etter å ha erobra den peruanske hovudstaden Lima under Stillehavskrigen (1879-1883).

Bøkene, skrivne på gresk, latin, fransk og spansk, var daterte frå det 16. til det 19. hundreåret. Nokre av dei inneheld fullsides kart over koloniområda.

Chile sendte bøkene tilbake til Peru via DHL, der dei vil bli returnerte til Limas nasjonalbibliotek, ifølgje The Guardian. Dei fleste skal vere i utmerka stand.

Nivia Palma, nasjonaldirektør for bibliotek, arkiv og museum i Chile, presenterte bøkene til peruanske myndigheitspersonar under ein seremoni, og kalla handlinga for «eit konkret uttrykk for vårt djupe engasjement i å skape eit forhold bygd på broderskap og samarbeid mellom landa våre.»

Perus

utanriksminister Jose Garcia Belaunde takka Chile for å ha levert bøkene tilbake, og sa at dei to nabolanda må arbeide for å styrkje vennskapet.

Forholdet mellom dei to nasjonane har blitt satt på prøve av grensetvistar som går heilt tilbake til krigen på 1800-talet, då Chile erobra landområde frå Peru og naboen Bolivia, inkludert Bolivias einaste kystlinje.