Coca-Cola reserverer seg mot «De syv dødssyndene»

Coca-Cola reserverer seg mot «De syv dødssyndene»
Coca-Cola reserverer seg mot «De syv dødssyndene»
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vil ikkje annonsere i den omstridde serien «De syv dødssyndene» på TV 2.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonsørane flykter
Kristopher Schau (til venstre) møter motbør frå annonsørane når han saman med Øystein Karlsen og Morten Ståle Nilsen (til høgre) utfordrer tabuar i programmet «De sju dødssyndene» på TV 2. (Foto: Marit Hommedal / SCANPIX)

Coca-Cola Norge vil ikkje vere annonsørar i samband med TV-programmet «De syv dødssyndene».

- Vi har valt å reservere oss mot denne bestemte serien etter å ha mottatt eit titals oppmodingar frå forbrukarar og kristne organisasjonar, fortel Solfrid Flateby, kommunikasjonsdirektør i Coca-Cola Norge, til ABC Nyheter.

- Vi var i den heldige situasjonen at vi aldri var på sendeplanen til programmet dei komande vekene. Det er ikkje slik at vi bestiller plass til spesifikke program, vi bestiller innanfor visse tidssoner på kvelden. Men no har vi sagt frå om at vi ikkje vil annonsere i Kristopher Schaus program.

Konsernet skal ha tatt umiddelbart kontakt med TV2 etter å ha fått telefonar frå forbrukarar som reagerte på den kontroversielle humorserien.

Vanskeleg vurdering

Men Flateby understreker at saka har blitt oppfatta som eit tveegga sverd av konsernet:

- Dette har vore ei svært vanskeleg evaluering for oss. Når forbrukarane gjev oss tilbakemeldingar på ting dei ikkje likar, tar vi det svært alvorleg. På den andre sida meiner vi veldig sterkt at det ikkje er annonsørane som skal gjere vurderinga av kva program tv-kanalane skal sende. Så denne saka har vore ei utfordring for oss, innrømmer ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Likevel valde dei til slutt å gi beskjed om at Coca-cola-annonser ikkje skulle visast under tv-programmet.

Det er den kristne avisa Norge IDAG som har tatt initiativ til ein boikottaksjon mot dei som annonserer under «De syv dødssyndene».

«TV-programmet driver grov harselas med synden, og dens konsekvenser. Den gjør narr av Jesu lidelse på korset, og er en samling vulgære handlinger», skriv avisa på sine nettsider.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Tar det med ro

Informasjonssjef Marianne Røiseland i TV2 seier til ABC Nyheter at dei forheld seg i ro i forhold til kampanjen som er sett i gang.

- Vi kan ikkje la våre annonsørar bestemme kva TV2 skal sende. Det har blitt foretatt ei redaksjonell vurdering av «De syv dødssyndene», og programmet ligg godt innanfor profilen til kanalen. At nokon ikkje likar det, tar vi til etterretning, men det er ikkje slik at vi er avhengige av å ha annonsørar opp mot eit spesielt program, forklarar ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Røiseland understreker dessutan at annonsørane ikkje trekkjer seg på grunn av innhaldet i Schaus serie, men på grunn av uroen rundt:

- Dei som har vendt seg til oss med beskjed om at dei ikkje vil annonsere i programmet, gjer det på grunn av uroen som ei ganske lita gruppe har klart å skape. Det har ikkje noko med at innhaldet i programmet er kontroversielt, seier ho.

- Djupt krenkjande

Også den kristne lyttar- og sjåarorganisasjonen Familie & Medier har gått aktivt ut og oppfordra folk til å reagere på serien ved anten å skrive til TV 2 eller ved å signere eit opprop på nett.

Generalsekretær i Familie & Medier, Geir Magnus Nyborg oppfattar serien som djupt krenkjande.

- Programmet latterleggjer trua og dei truande. Mange i Noreg har heilt mista dette omgrepet «heilag» og har ikkje noko forhold til at nokon kan halde noko heilag. Dei forstår det for muslimar, men det er vanskeleg for eit så sekulært land som vårt å forstå at enkelte ting kan verke som tramping inn i heilage rom, seier han til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nyborg fortel at organisasjonen har vore i dialog med dei firma som annonserte under det første programmet torsdag.

- Vi i Familie & Medier vil ikkje oppfordre til boikott. Vi skreiv eit udramatisk brev til annonsørane der vi spurde om dei var klar over at dei blei plasserte på denne sendeflata, og om «Dødssyndene» var eit konsept foreineleg med deira merkevare og omdøme. Etter det har fleire av annonsørane kontakta oss. Eg synest det er fint at dei set foten ned, seier Nyborg.

- Kva med ytringsfridomen, kan ein ikkje seie at dykkar organisasjon er med på å innskrenke den med slike utspel?

- Vi brukar ytringsfridomen, vi innskrenker den ikkje. TV2 er ein milliardorganisasjon med pengar og påverknadsmakt. Vi er ein liten, frivillig organisasjon, og det einaste vi kan forvalte er dagsordensmakt og forbrukarmakt. Vi er opne på kva vi driv med og har ingen løyndommar, seier Nyborg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Trekkjer seg

Tidlegare har Disney, Opplysningen 1881, elektrokjeda Expert og byggjevarekjeda Maxbo gitt beskjed at dei ikkje ønskjer annonser i samband med programmet der Kristopher Schau begår dei sju dødssyndene.

Lilleborg, Hadeland Glassverk, RiksTV og Canal Digital blir framleis boikotta av dei kristne aktivistane.

Les meir:

Annonsører trekker seg fra TV2-program

Frontalangrep mot «Dødssyndene»