Volapyk på Wikipedia

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kunstspråket volapyk har i rekordfart blitt eitt av dei største på wikipedia.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vükiped, den volapyk-språklege versjonen av Wikipedia, har på berre få månader blitt blant dei 15 største utgåvene av internett-oppslagsverket.

Dette skaper kontrovers, ifølgje den danske avisa Berlingske Tidende.

Volapyk er nemleg eit svært lite språk, med få utøvarar, konstruert på slutten av 1800-talet på same måte som esperanto, det mest utbreidde av kunstspråka.

Trass i at esperanto skal ha langt fleire utøvarar, har volapyk-wikipedia gått frå om lag 5000 artiklar i byrjinga av juni i år til over 110 000 artiklar i november. Esperanto-versjonen av Wikipedia har til samanlikning «berre» 91 000 artiklar eller oppslagsord.

Men dei fleste av volapyk-artiklane er maskinomsette, korte tekstar, og det finst nesten ingen lenkjer til andre artiklar. Alt dette er «fyfy» i wiki-samanheng.

Bak den veksande volapyk-delen av Wikipedia står nokre få språkentusiastar, med eit brennande ønskje om å spreie kjennskapet til kunstspråket.

Det er den engelskspråklege delen av Wikipedia som er den klart største, med over 2 millionar artiklar. Den står også for halvparten av trafikken på wikipedia-sidene.

Dei tyske og franske versjonane har over ein halv million artiklar og i alt 15 utgåver av Wikipedia har meir enn 100 000 artiklar.