Første kvinne på pengeseddelen

Første kvinne på pengeseddelen
Første kvinne på pengeseddelen
Artikkelen fortsetter under annonsen

For første gong kjem ansiktet av ei kvinne på ein pengeseddel i Sør-Korea.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Første kvinne
Den konfucianske lærde Yi I (også kjend under pseudonymet Yulgok) prydar den sør-koreanske 5000 won-seddelen. No skal kvinna som fekk han inn på berømmelsens veg, Shun Saimdang, få ansiktet sitt på den nye 100 000-seddelen, som første kvinne i Sør-Korea.

Den sør-koreanske sentralbanken har valt Shin Saimdang - som skal vere eit høgt akta symbol for moderskap - til å pryde den nye 50 000 won-seddelen.

Det melder Reuters.

Shin Saimdang er kvinna som skifta bleier på og fostra den berømte konfusianske lærde Yi I, og blir av sør-koreanske styresmakter skildra som «det beste dømet på moderskap i Sør-Koreas historie».

Saimdang skal ha vore ein talentfull kunstnar, men blir mest av alt berømma for å vere den som gjorde det mogleg for Yi I å nå sitt fulle potensiale. Men Sør-Koreas sentralbank grunngjev valet sitt med at dette vil «fremje likskap mellom kjønna og kvinners deltaking i samfunnet.»

Dette er ikkje sør-koreanske kvinnerettighetsgrupper einige i. Dei hevdar tvert imot at valet berre forsterkar kvinnediskriminerande stereotypiar, ideen om at mødre skal vere heime og vie liva sine til å oppdra barn. Andre kvinnelege kandidatar, som har oppnådd maktposisjonar og respekt i eit mannsdominert samfunn, burde etter deira meining få bildet sitt på den nye pengeseddelen.

Ei rekkje kvinnerettsgrupper er venta å protestere mot avgjerda til banken.