Billeg og mjuk

Billeg og mjuk
Billeg og mjuk
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kultklassikarar, krim og dokumentarlitteratur kjem no i billegutgåver frå nystarta pocketforlag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Pcoket, pocket, pocket
Pocketbøker på rad og rekkje frå det nystarta forlaget Pocketforlaget AS, som blir lansert i dag. (Illustrasjonsfoto: Flickr.com)

- Dette er ein heilt ny forlagsmodell i norsk samanheng. Ideen er rett og slett å gi titlar som fortener det lengre levetid, forklarar forlagsdirektør i Aschehoug litteratur, Kari J. Spjeldnæs, til ABC Nyheter.

Det er Aschehoug som i samarbeid med Pax forlag i dag lanserer Pocketforlaget AS, som skal gi ut billegversjonar av både smal og brei litteratur, både frå Aschehoug og andre forlag.

- Pocketforlaget tilbyr alle forlaga som ønskjer det gjenbruksmoglegheit for sine titlar; nye utgjevingar som har høve til å nå nye lesarar, fortel Spjeldnæs.

Seriekonsept skal vere ein sentral del av profilen til forlaget. I haust lanserer dei tre seriar under namna «Pocketroman», «Pocketkrim» og «Pocketdokumentar».

- Alle seriane skal ha ein tydeleg design. Blant dei første utgjevingane våre Arundhati Roys roman «Guden for de små ting», som fekk Bookerprisen i 1997 og som aldri tidlegare har blitt gjeve ut som pocket i Noreg, seier Spjeldnæs.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Andre godbitar i haust er Charles Bukowskis kultklassikar «Pulp», og bøker av dei engelske krimforfattarane Mark Billingham og Alex Barkley, som nyleg har blitt introduserte i Noreg. Ingen av desse har kome ut som pocket tidlegare, men er bøker som sel godt på den internasjonale marknaden.

I første omgang er det snakk om cirka 20 årlege utgjevingar. Alle forlag skal ha høve til å gje ut bøker gjennom Pocketforlaget:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi skal først og fremst vere ein kanal for dei forlaga som ikkje sjølv har marknadsapparat til å få pocketbøker ut i brei skala, seier Spjeldnæs.

- I haust tilbyr vi titlar frå seks ulike forlag: Pax, Spartacus, Bazar, Oktober, Pegasus og Baskerville. Vi ser at særleg for dei mindre forlaga kan Pocketforlaget vere ein viktig kanal ut til fleire lesarar.

- Vil ikkje eit auka tilbod av billege pocketbøker gå ut over salet av innbundne bøker?

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Nei, eg vil heller sei tvert imot. Dette er ein måte å halde titlane lengre i live på, hevdar Spjeldnæs.

- Billegutgåvene kjem alltid ut etter dei innbundne, så det er snakk om eit reint tilleggsal.

Nokre forfattarnamn som stiller med titlar på Pocketforlaget i haust, er John Michlet, Karin Wahlberg og Mark Dillingh (krim). Forlaget kan også freiste med billegutgåve av ei dokumentarbok av Anna Politkovskaja og John Dickies bok om den italienske mafiaen, der han forklarar metodane og ideologien som ligg bak.