Bleie med bakepulver skal gi fersk fisk

Bleie med bakepulver skal gi fersk fisk
Bleie med bakepulver skal gi fersk fisk
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei bleie tilsett bakepulver og sitronsyre skal halde fisken fersk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:

Matforsk lanserer no ei bleie tilsett bakepulver og sitronsyre for å halde fisken fersk over lenger tid.

Denne nye pakketeknologien skal kunne føre til at ein slepp å frakte fersk fisk saman med store mengder is og at kvaliteten vil betre seg.

I Norges Fiskarlag meiner dei det er naudsynt med tiltak for å betre fiskekvaliteten.

- Det må vere ei gjensidig forståing i alle ledd i prosessen om kva som skal til for å halde fisken fersk, seier informasjonsansvarleg i Norges Fiskarlag, Knut Arne Høyvik, til ABC Nyheter.

- Ein fisk som er godt isa og stelt kan ligge fire–fem dagar før den vert kjøpt utan å bli dårleg. Samstundes kan ein fisk som berre er to dagar gamal likevel vere dårleg.

Høyvik etterlyser betre logistikk i næringa og håpar tiltak som levande lagring av villfisk skal føre til betre kontinuitet i fiskeleveransen til butikkane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Den kontinuiteten ein opplever på kjøtsida, klarar ein ikkje når det gjeld fisk. Men ein kan kanskje få det til med levande lagring. Logistikken i dag er vanskeleg, sidan ein får inn fisk i varierande mengde, seier Høyvik og viser til at vêrforhold og andre faktorar speler inn på kor mykje som til ein kvar tid vert fiska.

Meny best

«Samanlikna med dagens transport av fersk fiskefilet viser resultata betre kvalitet og auka haldbarheit. I denne samanhengen utgjer sjølv eitt døgn forlenga haldbarheit mykje», seier stipendiat Anlaug Ådland Hansen ved Matforsk til forskning.no.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

ABC Nyheter skreiv tidlegare i haust om Forbrukerrådet som meinte fersk fisk i norske butikkar var av for dårleg kvalitet. I ei undersøking gjort i sommar fekk halvparten av den testa fisken i totalt 39 butikkar strykkarakter. I løpet av hausten vil Forbukerrådet på nytt utføre testar i nokre av dei same butikkane for å sjå om kvaliteten har betra seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Dei butikkane som kom dårlegast ut av undersøkinga vil få nye besøk, seier direktør i Forbrukerrådet, Erik Lund-Isaksen til ABC Nyheter. Meny kom best ut av testen i sommar, medan ICA hadde den dårlegaste kvaliteten.

Datostempling viktig tiltak

Informasjonsansvarleg i Norges Fiskarlag, Knut Arne Høyvik, er godt nøgd med ferskfiskstrategien som regjeringa la fram tidlegare i haust, der datostempling og sporing av fiskens bakgrunn var viktige tiltak.

Også konsernleiar i Lerøy Seafood Group ASA, Ole-Eirik Lerøy, meiner strategien er god.

- Det er veldig positivt at styresmaktene ser kor viktig det er at ferske produkt vert prioriterte. Datostempling av fisken er eit godt tiltak, meiner han. Lerøy legg vekt på at det er mange faktorar som speler inn på kor fersk fisken er i butikken.

- Det er viktig med ei god opplæring i butikkane og ein sikker og god transport. Grunnlaget for kor lenge fisken held seg fersk vert lagt på fiskebåten eller oppdrettet. Me arbeider til dagleg med å få hurtigare transport og gode rapporteringsrutinar, seier Lerøy.

Lerøy Seafood Group ASA hadde i 2006 ein omsetnad på 5,6 milliardar kroner og er ein av dei største leverandørane av sjømat i Norge.