Knask, knep og annan kultur

Knask, knep og annan kultur
Knask, knep og annan kultur
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nordmenn meiner mykje om Halloween. Men er det sant, alt vi trur og meiner?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Graskar og hekser:
Nordmenn byrja feire Halloween rundt åretusenskiftet. Sjølv om mange dømmer skikken nord og ned, har andre funne stor glede i å lage lykter av graskar og kle seg ut i skumle kostymar. (Foto: Stockexpert)

Den 31. oktober er det Halloween, ein dag mange nordmenn elskar å hate. I nettdebattane går diskusjonen friskt om kor vidt dette er ein tradisjon vi skal ta avstand frå eller om det er ein hyggeleg dag for barn som vil kle seg ut og få seg litt godteri.

Vi har sett nærare på nokre av påstandane:

Halloween er ein kommersiell skikk som ikkje er vanleg hos oss. Julebukk, derimot, er ein solid norsk tradisjon.

Det å seie at ein skikk er grunnleggjande norsk, slik som julebukken, er meiningslaust, meiner kulturvitar Torunn Selberg. Det at folk kler seg ut og går rundt og tigg godt, er ikkje noko særskild verken for Halloween eller julebukk. Påvirking frå andre kulturar har alltid vore vanleg, men i dag skjer det hurtigare og tydlegare, meiner kulturvitaren.

– Men det er ikkje nødvendigvis slik at vi tar i mot alt som ei ferdig pakke. Det skjer ei tilpassing, seier Selberg.

– Viss Halloween får rotfeste i Noreg, er det rimeleg at det vil bli ein annleis Halloween enn til dømes i Amerika.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ikkje slik at vi må ta til oss lat som kjem utanfrå heller. Viss knask og knep ikkje betyr noko for oss, vil vi avvise det, seier Selberg.

– Men det ser det altså ikkje ut til at Halloween har blitt ein flopp.

At Halloween har blitt kommersielt, er heller ikkje noko nytt , meiner Selberg.

– Det gjeld ikkje berre Halloween. Kva er det ikkje handelsstanden utnyttar i dag?

Viss ikkje folk får godteri på Halloween, kan dei straffe deg med å kaste egg eller hive dopapir.


Eggkasting er ikkje ein del av den amerikanske Halloween, men toalettpapirsnurring er eit kjend fenomen, fortel ekteparet Joshua Gardner og Line Olsson. Dei bur i Boston og står med eit bein i kvar kultur: han er amerikansk og ho er norsk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Større ungar gjer gjerne rampestreker, som å henge dopapir i trea til folk. Men papiret regnar trass alt vekk, seier Gardner. Rampestrekane unnagjort før sjølve Halloween-kvelden, for då skal dei små ut og gå og tigge godteri. Ungane går gjerne utkledde heile dagen, og når mørkret sig på om kvelden, er det tid for knask og knep.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Som regel går ein forelder rundt med ungane, medan den andre blir att heime for å gje godteri til dei andre som kjem.

Er ein ikkje heime, set ein som regel ut ei skål med godteri. Trusselen om å bli utsett for knep er overhengande, men det er i praksis ein tom trussel, meiner Line Olsson.

Dei som er litt eldre kan tigge ein dram i staden for snop.

Amerikanske studentar nyttar gjerne Halloween som eit høve til å ta seg ein fest, seier Gardner og Olsson. Pubar og barar markerer også Halloween. Men trick or treat med drikkevarer er ikkje vanleg.

– Den einaste gongen vi har opplevd å få folk på døra som ønskjer drikkevarer, var då vi budde i nærleiken av eit college. Det ville aldri skjedd i eit gjennomsnittleg amerikansk nabolag, meiner dei.

Halloween er ein amerikansk skikk.

Det er den for så vidt også, men Halloween er eigentleg ein gammal keltisk skikk. Irske og skotske katolikkar tok skikken med seg då dei utvandra til USA på 1800-talet, ifølgje Wikipedia.

Bør vi feire Halloween? Sei meininga di i kommentarfeltet!