Overfallsvideo får topp-politisk etterspel

Overfallsvideo får topp-politisk etterspel
Overfallsvideo får topp-politisk etterspel
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei ung jente blir overfalt på t-banen. Ingen bryr seg, før videoopptaket av hendinga skaper politiske bølgjer.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei 16 år gammal jente frå Ecuador blei overfalt på t-banen i Barcelona 7. oktober i år. Ein ung mann reiser seg og snakkar tilsynelatande i telefonen idet han utan forsvarsel angrip jenta.

Ein tredje passasjer vel å ignorere hendinga.

Det er ikkje lyd på videoen, men ifølgje den spanske avisa El Pais skal mannen, som sparkar og slår jenta, ha bedt ho reise tilbake til Ecuador.

Den mistenkte gjerningsmannen, som av politiet har blitt identifisert som Sergi Xavier M.M., blei arrestert 19. oktober, skulda for å ha utført 'rasistisk motivert vald'.

Like etter blei han lauslatt, då den lokale statsadvokaten ikkje dukka opp til høyringa.

Men overfallet på jenta blei fanga opp av eit overvakningskamera, og etter at videoen blei distribuert på nettet blir saka no prioritert på topp-politisk nivå.

Den spanske justisministeren Mariano Fernandez Bermejo seier at det no har blitt sendt ut ei ny arrestordre på den mistenkte og understreker at alle «rettslege uregelmessigheiter» i saka skal fram i lyset.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ecuadors utanriksminister, Maria Fernanda Espinosa, som tilfeldigvis var i Madrid i eit anna ærend då saka eksploderte i media, fekk ordre om å møte valdsofferet og tilby ho full rettsleg støtte. For ope kamera fortel utanriksministeren at offeret skal vere svært rysta etter hendinga, men at ho er modig og har ei mor som støttar ho fullt ut.

16-åringen skal lide av psykisk stress etter åtaket.

Spørsmålet er om utanriksministeren ville tatt saka like alvorleg, hadde det ikkje vore for at videoen blei distribuert.