Meny

Inviterer til bokfest

Inviterer til bokfest
Inviterer til bokfest

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

100 litterære arrangement på fire dagar i Oslo sentrum.

Jo Nesbø er med på Litteraturgalla i kveld. Kjem du? (Foto: Scanpix)Jo Nesbø er med på Litteraturgalla i kveld. Kjem du? (Foto: Scanpix)

I dag er det igjen klart for Bok i Sentrum i Oslo.

Fram til og med søndag 28. oktober steller Tanum og Bokklubben i stand til 100 litterære arrangement.

Det blir opplesingar, litteraturkafé, forfattarintervju, foredrag, skriveseminar og debattar, på fire scener i sentrum: I kjempeteltet, i Saras telt, på hotell Norlanda Karl Johan og Håndverkeren kurs- og konferansesenter.

- Bok i Sentrum er den største bokfesten som er i Oslo, seier Frøydis Veseth, programansvarlig for Tanum til ABC Nyheter.

- I dag får vi besøk av Lars Monsen, Unni Lindell, Erlend Loe og Jo Nesbø. Kvar kveld arrangerer vi litteraturgalla med populære forfattarar, og publikum får høve til å møte til saman 150 forfattarar i løpet av helga.

Festivalen blir i år arrangert for 11. gong. I løpet av desse åra skal over 500 000 besøkande ha vore innom festivalen.

Frøydis Veseth fortel at dei håpar på eit like stort besøkstal i år som tidlegare, nemleg 50 000.

Unni Lindell lanserer humorboka «To fruer i ett smekk» saman med Anne B. Ragde under Bok i Sentrum. (Foto: Scanpix)Unni Lindell lanserer humorboka «To fruer i ett smekk» saman med Anne B. Ragde under Bok i Sentrum. (Foto: Scanpix)

- Bok i Sentrum har tidlegare blitt kritisert for å vere for kommersielle. Kvifor er fokuset så stort på dei mest profilerte forfattarane?

- Poenget med festivalen er å gi ein smakebit av haustens nye bøker til publikum. Dei forfattarane som kjem er dei som har høve til å stille opp. Sjølv om det er ein butikk i midten av dette her, så er det litterære innhaldet det viktigaste, hevdar Frøydis Veseth, som er dagleg leiar i Tanum bokhandel.

Programmet til Bok i Sentrum

Smakebitar frå programmet:

Torsdag 25. oktober:
►Oslos nye ordfører, Fabian Stang, opner Bok i sentrum.
►Lars Monsen lanserer Nordkalotten 365.
►Skriveseminar med Henrik H. Langeland, Knut Faldbakken, Ingrid Storholmen og Selma Lønning Aarø

Jon Almaas er med på fredagens Litteraturgalla. (Foto: Scanpix)Jon Almaas er med på fredagens Litteraturgalla. (Foto: Scanpix)

Fredag 26. oktober:
►Turboneger. Håkon Moslet og bandmedlemmene blir intervjua av Sven Ove Bakke.
►Teikneserieseminar med Karine Haaland, Arild Midthun og Lars Lauvik.
►Unni Lindell og Anne B. Ragde lanserer humorboka, To fruer i en smekk – rir igjen.
►Litteraturgalla med debutant Ingvild H. Rishøi, Henrik H. Langeland, Kjell Westö, Eva Joly, Jon Almaas og Odd Nordstoga.

Lørdag 27. oktober:
►Familieforestilling med Pulverheksa, Reven og grisungen og Oddgeir fra Barnas Supershow. Programleiar: Margrethe fra Barne-TV
►Lansering av Heite dikt. Kven vann Tiden forlags konkurranse om å skrive dei beste erotiske dikta?
►Lakseenka, musikalsk show ved Ingrid Bjørnov.
►Litteraturgalla med Anne B. Ragde, Ebba Haslund, Ketil Bjørnstad, Jon Fosse med tonefølge av folkemusikerne Knut Hamre og Benedicte Maurseth

Søndag 28. oktober:
►Familieframsyningar, først for dei yngste (2-5 år), deretter for dei eldre barna (skummel time for 6-10-åringane).
►Debatt om litterær kvalitet. Medverkande: Jonny Halberg, Unni Lindell, Cathrine Sandnes, Cecilie Naper og Kåre Bulie.
►Litteraturgalla med Jonny Halberg, Gert Nygårdshaug, Vibeke Løkkeberg, Arne Hjeltnes og Are Kalvø
.

ABC Nyheter Litteratur

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus