Undsets liv fascinerer lesarane

Undsets liv fascinerer lesarane
Undsets liv fascinerer lesarane
Artikkelen fortsetter under annonsen

Slapgards biografi sel godt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Årets bokhaust har stått i biografiens teikn. Trond Kirkvaags biografi om faren, NRK-kjempa Rolf Kirkvaag, dei to biografiane om tidlegare kringkastingsjef Einar Førde og Olav Vesaas' bok om mora Halldis Moren Vesaas har alle selt godt.

Og no er det Sigrid Undsets tur:

Sigrun Slapgards biografi om diktardronninga er nykomar på fjerde plass på denne vekas liste over generell litteratur.

Nobelprisvinnaren Undset var ei mangfaldig dame, sterkt truande katolikk, ein krass polemikar og motstandar av likestilling og kvinnerørsla. Ho skilde seg frå ektemannen, kunstnaren Anders Svarstad, som ho fekk tre barn saman med, og flytta til Bjerkebæk på Lillehammer, der trilogien om Kristin Lavransdatter og hennar andre mellomalderromanar blei til. Under krigen rømde Undset til Sverige og etter kvart USA, der ho kjempa iherdig mot nazismen. Eit mangfaldig liv som fascinerer biografar og lesarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den svenske krimforfattaren Liza Marklund er nykomar på denne vekas bokliste. (Foto: Scanpix)Den svenske krimforfattaren Liza Marklund er nykomar på denne vekas bokliste. (Foto: Scanpix)

På topp på lista for generell litteratur ligg pop up-boka «Den store ekle boka om matens reise gjennom kroppen», som skal lære barna alt om «den ufyselige, men fantastiske fordøyelsen». Elles har Guinnes rekordbok 2008 kome inn på ein 8. plass.

To bøker frå Piratforlaget, «Den indre fiende» av Jan Guillou og «Livstid» av Liza Marklund, er nykomarar på lista over mestseljande skjønnlitteratur. Ny på denne lista er også Jon Ewo, med barneboka «Otto Monster blir superslem».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Boklista veke 41

Skjønnlitteratur
(Mestseljande skjønnlitteratur)
1. (2) Drageløperen (Khaled Hosseini) - Schibsted
2. (1) Ligge i grønne enger (Anne B. Ragde) - Oktober
3. (3) Pondus: Sju lange og sju breie (Frode Øverli) - Egmont
Serieforlaget
4. (5) Tusen strålende soler (Khaled Hosseini) - Schibsted
5. (4) Jenta som lekte med ilden (Stieg Larsson) - Gyldendal
6. (7) Snømannen (Jo Nesbø) - Aschehoug
7. (ny) Den indre fiende (Jan Guillou) - Piratforlaget
8. (8) Doktor Proktors prompepulver (Jo Nesbø) - Aschehoug
9. (6) 1222 (Anne Holt) - Piratforlaget
10. (ny) Otto Monster blir superslem (Jon Ewo) - Damm
11. (9) Paktens voktere (Tom Egeland) - Aschehoug
12. (10) Honningfellen (Unni Lindell) - Aschehoug
13. (ny) Phenomena; bok 5; Enigma (Ruben Eliassen) - Gyldendal
14. (11) Heksen fra Portobello (Paulo Coelho) - Bazar
15. (ny) Livstid (Liza Marklund) - Piratforlaget

Generell litteratur
(Mestseljande generell litteratur)
1. (ny) Den store ekle boka om matens reise... - Damm
2. (1) Hva skal vi med stjerner nå? (Espen Olafsen) - Schibsted
3. (2) Gutteboka! (Kirsty Neale) - Spektrum
4. (ny) Sigrid Undset: Dikterdronningen (Sigrun Slapgaard) -Gyldendal
5. (5) Norges hemmelige krigere (Tom Bakkeli) - Kagge
6. (4) Fotball (Edward Ensor) - Spektrum
7. (11) Krokodiller snakker ikke norsk (Unni Lindell) - Piratforlaget
8. (ny) Guiness World Records 2008 - Schibsted
9. (3) Endring og undring (Astrid Nøklebye Heiberg) - Cappelen
10. (9) Mine første 1000 ord (Betty Root) - Spektrum
11. (14) Papirfly (Nick Robinson) - Spektrum
12. (10) På ba-hr bakke (Kari Breirem) - Bazar
13, (6) Oslo 1945-1965 (Nils Petter Thuesen) - Kom Forlag
14. (ny) Engelsk Alder 6+ (Simon Abbott) - Spektrum
15. (inn på nytt) Opptur Hordaland (Anne Rudsengen) - Selja

Pocket
(Mestseljande pocket- og billigbøker)
1. (1) Menn som hater kvinner (Stieg Larsson) - Gyldendal
2. (2) Saman er ein mindre aleine (Anna Gavalda) - Samlaget
3. (3) Eremittkrepsene (Anne B. Ragde) - Oktober
4. (4) Et glass melk takk (Herbjørg Wassmo) - Gyldendal
5. (5) Frelseren (Jo Nesbø) - Aschehoug
6. (6) Tatt av kvinnen (Erlend Loe) - Cappelen
7. (7) Den siste tempelridder (Raymond Khoury) - Damm
8. (8) Pilegrimsreisen (Paulo Coelho) - Bazar
9. (12) Bienes hemmelige liv (Sue Monk Kidd) - Bazar
10. (ny) Storgårdsfolk 35 - Dødens kyss (Eva J. Stensrud) - Damm
11. (9) Mors og fars historie (Edvard Hoem) - Oktober
12. (14) De beste blant oss (Helene Uri) - Gyldendal
13. (15) ) Italienske sko (Henning Mankell) - Gyldendal
14. (11) Kystfolket 55: Din for alltid (Kjellaug Steinslett) - Schibsted
15. (13) Dødsriket (Tom Kristensen) - Aschehoug
(Tal i parentes indikerer plassering sist veke).

Artikkelen fortsetter under annonsen

Boklista er utarbeidd av Den norske Bokhandlarforeining. Salsstatistikk er henta frå: Ark Bokhandel (86 butikkar), Libris (100 av 136 butikkar), Notabene (121 butikkar), Norli (68 butikkar), Fri Bokhandel (19 av 147 butikkar), Tanum Karl Johan og Haugen Bok.

Bokdata frå Den norske Bokdatabasen AS.

Lista blir utgjeven ein gong i veka.

Meir litteratur i ABC Nyheter

Bokmeldingar