Meny

Bokhandlar får ikkje selje bøker

Bokhandlar får ikkje selje bøker
Bokhandlar får ikkje selje bøker

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Små bokhandlarar greier ikkje konkurrere med dei store om å få selje skulebøker. Det kan bety kroken på døra, noko Bokhandlerforeningen har åtvara mot lenge.
Bilde:

Siv Helen Thomassen veit ikkje kor lenge ho kan halde liv i butikken sin når ikkje skulen får kjøpe bøker av ho lenger. (Foto: Toyni Tobekk).

Skuleboksalet skulle vere berebjelken for Siv Helen Thomassen då ho starta Bøker & Sånn i Etne for snautt tre år sidan. Men i vår mista ho den mest solide kunden sin, Enge barne- og ungdomsskule, og dermed forsvann den tryggaste og mest fføreseielege inntektskjelda.

- For meg er dette være eller ikkje være, seier Thomassen. No veit ho ikkje kor mykje lenger ho greier å ha ope.

Vil, men får ikkje

Ved Enge skule er dei klåre på at dette ikkje er ein ønskt situasjon, men at dei er styrte av kommunale innkjøpsreglar. Etne kommune er med i eit innkjøpssamarbeid med fire andre kommunar i Sunnhordland, og dette samarbeidet forpliktar.

- Alt kommunane kjøper inn skal ut på anbod, fortel Odd Magne Agdestein, leiar av det sunnhordlandske innkjøpssamarbeidet. Tidlegare kunne kommunane styre mindre innkjøp sjølve, og det var tak for kor store beløp som utløyste anbod. Det er det ifølgje Agdestein slutt på.

- Frå og med i år må kommunane lyse ut anbod frå første krone. Det er heilt forbode å ta lokale omsyn.

Greier ikkje konkurrere

Også endringa i Bokavtalen, ein avtale mellom forlag og bokbransje, har vore ein medverkande årsak til at mange små bokhandlarar slit. Den nye avtalen har gjort at kven som helst kan selje skulebøker nesten kor billig som helst. Tidlegare opererte ein med fast pris på skulebøker.

Siv Helen Thomassen peiker på at ho gjennom Frie Bokhandlere har høve til å gje skulane eit visst rabattilbod.

- Men eg greier ikkje konkurrere med kjedene, seier ho.

Ikkje aleine

Å etablere seg med andre varegrupper kunne vore ei løysing, men det har Thomassen per i dag ikkje har råd til. Resultatet kan bli at ho må stenge.

- Kommunen sparar pengar på å handle hjå andre, men på sikt risikerer dei å tape ein sårt tiltrengt arbeidsplass, seier Thomassen.

- Lov om offentleg innkjøp er eit sentralt lovverk og ei endring kan berre gjerast på riksplan, seier Agdestein.

Redning i sikte

Redninga for dei små bokhandlarane kan bli Kommunal og regionaldepartementet (KRD) som i haust lova å setje i verk ei ny støtteordning for distriktsbokhandlarane. Bokhandlerforeningen har lenge åtvara om at dei små bokhandlarane vil slite økonomisk på grunn av nye innkjøpsordningar.

- At regjeringa no ønskjer å bruke 5 millionar for å gje distriktsbokhandlarane fleire bein å stå på, ser vi svært positivt på, seier leiar av Bohandlerforeningen, Randi Øgrey. Det er venta at denne ordninga er klar frå årsskiftet.

Ei analyse frå Finnmark gjort på vegner av Kommunal- og regionaldepartementet syner at viss dei frie bokhandlarane forsvinn, vil reisetida til nærmaste bokhandlar auke med mellom 15 og 100 minutt. Det er ikkje gjort liknande analyser for andre område i landet, opplyser KRD.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus