Framleis for få menn i barnehagen

Framleis for få menn i barnehagen
Framleis for få menn i barnehagen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kunnskapsdepartementet innrømmer at dei ikkje når målet om 20 prosent menn i barnehagen. No vert det varsla ny strategi.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Foto:

Pedagogisk leiar i Hokus Pokus barnehage Jan Inge Alver er ein av få menn i norske barnehagar. Her med Lyder (t.v) og Martine. (Foto: Karen Margrethe Klausen)

- Me når ikkje målet om 20 prosent menn innan 2007, men Kunnskapsdepartementet skal vidareføre arbeidet med likestilling i barnehagen utover året. Å integrere likestilling i barnehagen er eit kontinuerleg arbeid og eit ledd i oppfølginga av rammeplanen, seier statssekretær Lisbet Rugtvedt.

I 2004 var det 4.845 mannlege tilsette i norske barnehagar, noko som utgjer 8,0 prosent.

Ved utgangen av 2006 var talet auka til 6.202 tilsette. Det er likevel langt igjen før ein når målet på 20 prosent som vart sett i Kunnskapsdepartementet sin handlingsplanen for likestilling i barnehagane i perioden 2004- 2007.

Ny strategi

Rugtvedt viser også til at det er ein samanheng i arbeidet om likestilling i barnehage og skule.

- Ikkje minst gjeld det korleis me motarbeidar tendensen til at gutar taper fagleg sett i skulen og til at me ser kjønnstradisjonelle utdanningsval ved kvar einaste korsveg gjennom utdanningssystemet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

På bakgrunn av dette vil departementet seinare i haust lansere ein eigen strategi for likestilling i utdanninga som også inkluderer barnehagen. Også i Utdanningsforbundet er ein klar over at målet om likestilling ikkje er nådd.

- Det er langt igjen før ein har nådd målet på 20 prosent. Men me har hatt ein periode med stor utbygging av barnehagar, og trass i det klart å halde oppe prosenten, seier leiar for seksjon barnehage i Utdanningsforbundet, Mimi Bjerkestrand.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bjerkestrand trur det er fleire grunnar til at så få menn vel å arbeide i barnehage. For det første peikar ho på at såkalla kvinnedominerte yrke ofte ikkje vert rekna som aktuelle for menn og at yrker som førskulelærar i mange samanhengar er lite verdsett, ikkje minst når det gjeld lønn.

- Me har eit alvorleg likelønnsproblem i Norge. Det handlar om manglande verdsetting av viktige yrke. Kvinner tener mindre fordi dei er kvinner, og det kan sjå ut som om menn vel yrke i større grad etter lommeboka enn kvinner, meiner ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Må byrje tidleg

Tala frå Kunnskapsdepartementet viser at 12,9 prosent av studentane som vart tekne opp ved førskulelærarutdanninga i 2004 var menn. I 2006 var talet 14,2 prosent. Men berre 8,3 prosent av dei uteksaminerte i 2006 var menn.

Bjerkestrand er ikkje i tvil om at ein må starte med rådgjeving og god informasjon om førskulelæraryrket allereie på ungdomsskulen, for at fleire skal velje yrket. Også høgskulane kan gjere mykje, meiner ho og viser til utdanningar der ein bevisst rekrutterer mannlege studentar i same klassen og gir dei eit nettverk dei kan bygge på seinare. I tillegg meiner ho den enkelte kommune kan gjere mykje for å rekruttere og ikkje minst halde på mennene i barnehagane.

- Trass i at ein ikkje har nådd målet meiner eg utviklinga er positiv. Men skal me få opp mannsdelen må me gå meir systematisk til verks – og ikkje så tilfeldig. Ein må også investere meir pengar i dette, og me må sjå dette i samanheng med rekrutteringa av førskulelærarar generelt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Treng høgare lønn

Kunnskapsdepartementet sin handlingsplan viser til at det er viktig at barnehagen framstår som eit likestilt samfunn – og at ei moderne kjønssosialisering bør bygge på likestilling og likeverd. Noko Bjerkestrand støttar fullt ut.

- Det er positivt, både for gutar og jenter å ha mannlege rollemodellar i barnehagen. Menn kan også tilføre andre ting til barnehagen enn kvinner, sjølv om ein skal vere forsiktig med å kjønnsdele åtferd, slår Bjerkestrand fast.

I Studentsamskipnaden i Agders barnehage Hokus Pokus har ein godt over 30 prosent mannlege tilsette. Ein av dei er pedagogisk leiar Jan Inge Alver. Barnehagen ser no resultatet etter fleire år med målretta arbeid for å betre likestilinga.

- Eg var ein av tre menn som vart tilsett her då barnehagen var ny for fem år sidan, etter det har mannlege søkjarar blitt prioriterte av leiinga i barnehagen, fortel Alver, og viser til kor viktig det er å skape eit sosialt miljø - også utanfor barnehagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- No har me eit reint herrelag i fotball, det sosiale er viktig, slår han fast.

- Kva trur du må til for å auke prosenten av menn i barnehagar?

- For det første må ein skru opp lønna og for det andre må ein drive haldningsskapande arbeid, det må bli greit at også menn har omsorgsyrke. Det må bli sosialt akseptert.

Hokus Pokus barnehage i Kristiansand fekk Agderrådets likestillingspris i 2006.