Sensurerer Nike-Mao

Sensurerer Nike-Mao
Sensurerer Nike-Mao
Artikkelen fortsetter under annonsen

Mao framstilt med kvinnebryst og dekorert med Nike-symbol blir slått hardt ned på av kinesiske styresmakter.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Diktator-sensur:
Den kinesiske kunstnaren Zhao Jianhua sinemåleri av Mao, utstyrt med Nike-logo og andre kjende merke, vil ikkje bli stilt ut for publikum etter at kinesiske styresmakter har nekta kunstnaren å vise fram verka. (Foto: Reuters/Scanpix)

Å leike seg med kommunistiske symbol kan vere eit farleg spel i Kina i desse dagar.

Kunstnaren Zhao Jianhua var tvungen til å trekkje tilbake meir enn 20 av oljemåleria sine av den tidlegare kommunistleiaren Mao Zedong. Måleria var merka med den kjende Nike-logoen. Styresmaktene truga med å avlyse heile utstillinga om kunstnaren ikkje fjerna desse, melder Reuters.

I same augneblink som kunstverka gjorde sin debut i Beijings berømte kunstdistrikt, tvinga politiet Zhao til å låse dei vekk i studioet sitt.

Og det er ikkje første gong Zhao opplev noko slikt.

I dei siste 20 åra, har arbeida hans blitt boikotta av kinesiske styresmakter og utstillingar som viser fram kunsten hans har blitt raida og stengde av politiet.

Zhao er fødd i 1965, like før starten på Kinas tiårige revolusjon. I 1988, året før massakren på Den Himmelske Fredsplass i Beijing, reiste Zhao til USA. Han nekta å kome tilbake til Kina etter hendinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Når han først kom til USA, fortel Zhao at han blei veldig forvirra, på grunn av den enorme mengda av logoar og merke, som ikkje var vanleg i det kommunstiske Kina på den tida. Det var årsaka til at han byrja å bruke Mao i sine måleri, på eit vis som minnar om Andy Warholes popkunst.

Trass i faren som ligg i det å skulle måle nasjonens leiar, så planlegg Zhao no ein serie av den kinesiske presidenten Hu Jintao.

Også to andre kunstnarar, brødrene Gao Qiang og Gao Zhen, har det moro med Mao. Dei har laga ein skulpturserie der dei utstyrer det tidlegare så høgakta ikonet med kvinnebryst og Pinocchio-nase, stivna i i ei rekkje mindre flatterande positurar.

- Under kulturrevolusjonen brukte vil å seie at Mao var som Kinas mor. Så vi bestemte oss for å gje skulpturane morsbryst, seier den yngste broren, Gao Qiang.

Styresmaktene held eit strengt auge med aktiviteten til kunstnarbrødrene. Det er tydeleg at det framleis er eit vågalt tiltak å lage kunstverk av fortidige og nåtidige leiarar i det kommunistiske landet.