Kven kan redde Albert Åberg?

Kven kan redde Albert Åberg?
Kven kan redde Albert Åberg?

Johan Harstad skreiv seg så langt inn i det skumle, at han blei vettskremt av sin eigen roman.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Johan Harstad

er fødd og oppvaksen i Stavanger. Bur no i Oslo.

Debuterte som 22-åring med kortprosasamlinga «Herfra blir du bare eldre».

Hans første roman, «Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?» blei utgjeven i 2005 og er no under utgjeving i Sverige, Danmark, Finland, Nederland, Tyskland, Færøyene, Italia, Russland og Frankrike.

Skjønnlitterære utgjevingar
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? Roman 2005
Ambulanse. Noveller 2002
Herfra blir du bare eldre. Kortprosa 2001

Prisar
2003: Bjørnson-stipendet

(Foto: Kari M. Hestad)

Albert Åberg

hovudpersonen i ein serie barnebøker av den svenske forfatteren Gunilla Bergström.

Den første boka om Albert Åberg kom ut i Sverige i 1972. Bøkene er omsett til 29 ulike språk.

Albert Åberg som førtiåring er eit heller dystert skue. Han bur framleis saman med pappaen sin, som dessverre ikkje er ein like god far som før, i ein trist, svensk forstad, og arbeider på Clas Ohlson.

I Johan Harstads nye roman om barnebokfiguren heiter det ikkje lenger «Du er en luring, Albert Åberg», men «Du er en drittsekk, Albert Åberg», eller til og med: «Fuck you, Albert Åberg».

- Kva betyr Albert Åberg for deg?

- Eg har likt Albert Åberg sidan eg var liten. Bøkene til Gunilla Bergström har eg alltid hatt med meg, også som vaksen, og tatt fram og lese litt i av og til. Albert Åberg er eit kulturikon for to generasjonar, minst.

Valdtar Albert

I «Hässelberg» valdtek forfattaren nærmast det snille og gode universet som Bergström skaper i sine barnebøker om Albert og aleinepappaen Bertil. Den snille, tolmodige pappaen er forvandla til ein deprimert tusseladd, og Albert sjølv klarar aldri å lausrive seg, ikkje før faren døyr - noko som gjer Albert frå seg av glede.

Endeleg er han fri.

- Eg hadde eit ønskje om å ta noko trygt, godt og triveleg og la det møte noko mørkare, dystrare og skumlare. Kva skjer då? I dette møtet? Samstundes hadde eg også ei genuin interesse av å skildre kva som eigentleg skjedde med Albert Åberg og resten av gjengen når han og dei blei eldre, fortel Johan Harstad til ABC Nyheter.

Harstad har hatt ei hektisk veke i samband med lanseringa av den nye romanen. Forfattaren har blitt rekna som ei av dei store, nye norske stemmene sidan debuten i 2001. At han no er klar med ein ny roman, og dét om ein karakter som er så allment kjend som Albert Åberg, er difor ei hending som blir lagt merke til.

- Å ta dei vaksne vala for Albert Åberg, det var spennande. At han til dømes rotar rundt i Hong Kong, overraska meg. Eg strevde lenge med å finne stemma hans, men følte at eg klarte det til slutt.

Ingenting er tilfeldig

Den vaksne Albert Åberg diggar The Police og les Arthur Koestlers «The Root of Coinsidence» - ei bok som saman med Stings plate «Synchronicity» speler ei nøkkelrolle i romanen. Det handlar om at det ikkje finst noko som heiter slumpetreff her i verda, men at alle relasjonar og alt som skjer deg, har ein underliggjande dynamikk og følgjer eit mønster.

- Har du sjølv ei liknande lagnadstru?

- Nei, eg har nok ikkje det. Men byrjar ein først å sjå etter slike samanhenger og teikn, dukkar dei opp overalt. Som i går, til dømes, då eg satt i drosja klokka halv åtte om morgonen på veg til Frukost TV, så kom brått The Police og songen «Every Breath You Take» på radioen til sjåføren. Det kunne jo tolkast som eit teikn, sidan eg var på veg til tv-studioet for å snakke om Albert, som er stor fan av The Police. Men på ei anna side: det er stor sjanse for at ein eller annan radiokanal vil spele den songen om morgonen.

- Det kan vere underhaldande å sjå etter desse samanhengane, men du kan også gå på ein smell og ende opp på institusjon, seier Harstad med eit flir.

Skremt av sin eigen roman

«Hässelby» går frå å vere ein litt sorgmunter oppvekstroman, til å bli noko som meir liknar ein dystopisk, psykologisk thriller. Harstad har så lenge han kan hugse latt seg fascinere av det skumle:

- Eg er glad i dystre og skremmande, har vore det sidan eg var barn. Ei natt eg satt oppe og skreiv, blei eg vettskremt av min eigen roman. Eg hadde dekka veggane med gufne bilde for å få den rette stemninga og høyrde på baklengsopptak av stemmer - ingenting er skumlare enn det. Eg var livredd, men tenkte: «No er eg inne på noko».

Han seier seg nøgd med akkurat dét, at romanen blir rarare og rarare, og at det også i den tilsynelatande «trivelege» delen av romanen oppstår brot:

- Det finst skjæringspunkt mellom det humoristiske og det skremmande i boka. Det er som to plater som gnissar mot kvarandre, og i andre del av romanen får den skumle, bakre plata overhand. Men dette er ingen skrekkroman, understreker forfattaren.

- Forteljinga om far Bertil og Albert er det viktigaste. Også det politiske aspektet ved romanen, er underordna denne. Det er dér eg veit kva eg gjer.

- «Hässelby» blei av forlaget annonsert som ein «varsla kultroman». Synest du det passar på boka di?

- Kultroman betyr jo eigentleg at romanen skal ha ei lita, trufast tilhengjarskare. Og eg trur ikkje det var akkurat dét eg såg for meg. Omgrepet blir for klamt for meg, seier forfattaren, som no ser fram til eit år med kludring før han for alvor tar fatt på eit nytt romanprosjekt.

ABC Nyheter Litteratur

Personvernpolicy