Lessing lite imponert over Nobelprisen

Lessing lite imponert over Nobelprisen
Lessing lite imponert over Nobelprisen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Å herregud... eg kunne ikkje bry meg mindre,» var forfattarens reaksjon.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Foraktar Nobelkomiteen
Doris Lessing var ikkje synleg imponert over Nobelprisen i går, og skulda Nobelkomiteen for å vere «uhøflege og frekke».

Pressefolk stod utanfor huset og venta då den 87 år gamle Nobelprisvinnaren kom heim til huset sitt i Nord-London i går. Doris Lessing hadde vore ute på handletur då det blei klart at ho var årets vinnar av Nobelprisen i litteratur.

Seinare fortalde Lessing at ho trudde alle kamera var der for å gjere opptak til eit fjernsynsprogram.

- Eg har vunne alle prisar i Europa, kvar einaste fordømte pris. Så Nobelprisen, ok. Det er, som eg vil kalle det, ein «Royal Flush». No må eg tenkje på fine ting å seie, uttalte Lessing, som tilsynelatande hadde lite anna enn forakt til overs for Nobelkomiteen.

Den frittalande forfattaren fyller 88 år neste månad, og er den eldste som nokon gong har vunne litteraturprisen. Ho er særleg anerkjend for «Den gyldne notatbok» (1962, norsk utgåve 1975), men har fått lite litterær merksemd dei siste åra.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lessing har ord på seg for å vere både eksentrisk og eigenrådig.

Då journalistane gjentatte gongar spurde om ho var glad for å ha vunne Nobelprisen, svarte ho:

- Eg kan ikkje seie at eg er så veldig overraska. Eg er 88 år gammal og dei kan ikkje gi Nobelprisen til nokon som er døde, så sannsynlegvis tenkte dei at dei burde gi meg prisen no før eg forsvinn.

Vidare skulda ho den svenske Nobelkomiteen for å vere uforskamma og frekke. For 35-40 år sidan skal ho ha fått beskjed om at ho aldri ville bli vurdert som vinnar, sidan prisutdelarane «ikkje likte ho».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lessing mottar 10 millionar svenske kroner i prispengar, utan at det såg ut til å gjere særleg inntrykk:

- Eg tenkjer allereie på alle menneska som vil sende meg tiggarbrev - eg kan sjå dei stille seg i kø, sa ho ifølgje Reuters.


Doris Lessing vaks opp i Rhodesia (dagens Zimbabwe). I 1950 debuterte ho med romanen «The Grass is Singing», som handlar om forholdet mellom ei kvit farmerhustru og hennar svarte tenar. Ho har ein enorm produksjon bak seg, og har skrive romanar og noveller innanfor fleire sjangrar, blant anna science fiction. Lessing gjennom årtiene markert seg som ei sterkt feministisk og samfunnsengasjert stemme.

Relaterte saker:

- Burde fått prisen for ti år sidan

- Doris Lessing vann Nobels litteraturpris

ABC Nyheter Litteratur