- Burde fått prisen for ti år sidan

- Burde fått prisen for ti år sidan
- Burde fått prisen for ti år sidan

Doris Lessing har hatt enorm betyding for kvinnerørsla, fortel Irene Engelstad, professor og kvinnelitteraturhistorikar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Glad vinnar
Den britiske forfattaren Doris Lessing på dørstokken heime i London i dag. Lessing var ute på handletur då det blei kjend at ho hadde vunne. (Foto: Reuters/Scanpix)

- Det var uventa at Doris Lessing vann Nobelprisen no. Eg hadde blitt mindre overraska om det hadde skjedd for ti år sidan, seier Irene Engelstad, hovudkonsulent i Gyldendal (forlaget som gir ut Lessings bøker i Noreg), og professor ved Universitetet i Oslo.

- Lessing hadde større betyding på åtti- og nittitalet. Men klart, det er éin måte å gjere det på, å gi prisen til eit forfattarskap på fallrepet. Det var vel mange nok som hadde pressa lenge nok. No var det hennar tur.

- Enormt viktig for kvinnerørsla

Irene Engelstad har i ei årrekkje vore eit sentralt namn innanfor feministisk litteraturvitskap og har blant anna, saman med Jorunn Hareide, Irene Iversen, Torill Steinfeld og Janneken Øverland, vore redaktør for «Norsk kvinnelitteraturhistorie», som kom ut på slutten av åttitalet. Engelstad trekkjer blant anna fram Lessings romanserie «The Golden Notebook» frå 1962 som ei bok ho har eit sterkt forhold til:

- «Den gyldne notatbok» blei enormt viktig for kvinnerørsla. Her utforskar, utfordrar og utformar ho det private og det politiske. Dette var eit tema på 60- og 70-talet, korleis forholde seg til det personleg og det offentlege, og Lessing løyste dette på ein interessant måte, også formelt.

Forfattar Bjarte Breiteig synest Doris Lessing er ein spennande vinnar, og vil lese meir av forfattarskapen hennar no. (Foto: Wikipedia Commons)Forfattar Bjarte Breiteig synest Doris Lessing er ein spennande vinnar, og vil lese meir av forfattarskapen hennar no. (Foto: Wikipedia Commons)

«Den gyldne notatbok» handlar om Anna Wulf, som forsøker å skape orden i tankar og kjensler og skriv fire ulike dagbøker, ei raud, ei svart, ei blå og ei gul, som gjenspeglar ulike sider av Annas røyndom. Til sist samlar ho trådane i den gyldne notatboka.

Det onde barnet

- Også «Martha Quest» (norsk utgåve 1979), det første bindet i serien «Children of Violence», var viktig og hadde enorm utbreiing. Serien utforskar det onde barnet og er ikkje-realistisk og science fiction-prega, og har gitt inspirasjon til ulike former for utforsking av romansjangeren, fortel Engelstad.

Forfattar Bjarte Breiteig, leiar av det Litterære råd i Forfattarforeininga, innrømmer at han ikkje har lese noko særleg av Doris Lessing til no.

- Eg kjenner forfattarskapen hennar dårleg. Bortsett frå nokre noveller vi las på engelsk på skulen, som eg hugsar veldig lite av. Men Horace Engdahl nemnde i juryens grunngjeving at ho har skrive om kor splitta sivilisasjonen vår er, og det høyrest veldig spennande ut.

Sjølv har Breiteig ingen «hjartebarn» som han synest bør få litteraturprisen:

- Etter at min favoritt Harold Pinter fekk prisen i 2005 har eg vore nokså nøgd.

«Har ikkje ho fått prisen før?»

- Bob Dylan er den største og bør snart få Nobelprisen i litteratur, meiner Erling Aadland, som sjølv har skrive bok om musikaren.- Bob Dylan er den største og bør snart få Nobelprisen i litteratur, meiner Erling Aadland, som sjølv har skrive bok om musikaren.

Erling Aadland, professor i litteratur ved Universitetet i Bergen, trudde Lessing hadde fått prisen tidlegare:

- «Jaha, har ikkje ho alt fått Nobelprisen», tenkte eg då eg fekk vite at Lessing var årets vinnar. Ho har så lenge blitt rekna som ein leiande forfattar, så det verkar veldig rimeleg at ho får den i år, seier Aadland.

Sjølv ser han gjerne at Bob Dylan ein gong vinn den verdas mest prestisjetunge litteraturpris:

- Eg meiner jo at Dylan er vår tids største. Kan hende er det sjangermessige grunnar til at han ikkje når opp, komiteen er kanskje for opphengt i det boklitterære. Dylan har ikkje berre skrive songar, han har også skrive ein sjølvbiografi, til dømes. Men det er særleg songlyrikken hans som gjer at han bør få prisen. Men det er enno tid, håpar litteraturvitaren, som sjølv har skrive bok om Dylans tekstar.

Relaterte saker:

Doris Lessing vann Nobels litteraturpris

Personvernpolicy