«Berlinerpoplene» (første episode), NRK1 måndag kl. 21.35)«Berlinerpoplene» best på tv

«Berlinerpoplene» best på tv
«Berlinerpoplene» best på tv
Artikkelen fortsetter under annonsen

Anne B. Ragdes «Berlinerpoplene» gjer seg strålande som tv-serie. Måndag startar den første av seks episodar på NRK1.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Sterke rolleprestasjonar

Måndag startar NRKs dramaserie «Berlinerpoplene», basert på Anne B. Ragdes romanar. NRK har fått med seg eit stjernelag av skodespelarar, som gjer ein strålande innsats, meiner ABC Nyheters anmelder.

Andrine Sæther i rolla som Torunn. (Foto: NRK)Andrine Sæther i rolla som Torunn. (Foto: NRK)

Måndag er det premiere på NRKs norske dramasatsing denne hausten: tv-serien «Berlinerpoplene», basert på Anne B. Ragdes suksessroman med same namn, samt oppfølgjaren «Eremittkrepsene».

Dei to bøkene er Norges desidert mest lesne dei siste åra, med eit samla opplag på over 600.000. Publikums interesse for tv-serien er med andre ord venta å vere stor, det same er nok NRKs forhåpning om gode sjåartal.

Stjernelag

Persongalleriet og miljøet i Ragdes bøker har nærmast blitt folkeeige. «Alle» føler at dei kjenner grisebonden Tor og brødrene hans, gravferdsagenten Margido og vindusdekoratøren Erlend og kjærasten hans Krumme, og ikkje minst Torunn, Tors ukjende dotter. Det er desse personane som har gjort Ragdes bøker så populære blant folk flest, og hadde ikkje tv-serien makta å gjenskape desse karakterane på ein gjenkjenneleg måte for publikum, ville serien garantert ha mislukkast, i alle fall med tanke på sjåartal.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bjørn Sundquist er som skapt for rolla som Margido Neshov: (Foto: NRK)Bjørn Sundquist er som skapt for rolla som Margido Neshov: (Foto: NRK)

Men castinga har vore usedvanleg vellukka i så måte. NRK har fått med seg kremen av norske skodespelarar, som alle gjer ein glitrande innsats på skjermen.

Espen Skjønberg i rolla som den stakkars gamlingen Tormod, Nils Sletta som Tor, Bjørn Sundquist, som skapt for å spele den nidkjære særlingen Margido, Andrine Sæther er søt og sympatisk som dyreterapeuten Torunn og Jon Øigarden er truverdig «eyecandy» i rolla som homofile Erlend. (Som fornuftig nok er gjort hakket mindre fjollete enn det Ragde gjorde i sine bøker.)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

By versus land

Også miljøet vil vere svært gjenkjenneleg for dei som har lese bøkene. Den enkle, nøkterne garden Neshov, som har stått til nedfalls i fleire tiår, blir ståande som skarp kontrast til Erlend og Krummes bekymringslause bytilvære i København. Motsetnaden blir eit sterkt, om enn noko overtydeleg verkemiddel: Her blir det klippa direkte frå det sterile, mørke og enkle sjukehusværelset i Trondheim, der fåmælte Tor sit ved sengekanten til mor Anna og snakkar i einstavingsord, til luksusen i København, der Erlend drikk sjampanje i badekaret og saman med levemennesket Krumme arrangerer overdådige festar for glade, sprudlande og ikkje minst snakkande menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Og det fungerer.

Boka «Berlinerpoplene» er kan hende både pratsom og plaprete, full av klisjear og utan litterær kvalitet, som kritikarar har hevda, men det har lite betydning for tv-formatet.

Den gode historia og dialogen er det mest sentrale for ein tv-serie, og triviallitteratur blir som regel strålande tv-underhaldning.

Talent for tv?

Ragdes sprudlande forteljartalent har her funne eit passande forum. For kanskje er det ikkje romanar ho skulle ha skrive, men tv-seriar? Ragde er blant anna drivande dyktig på dialogar; kvardagstalen, som kan romme så mange undertrykte kjensler, bitterheit, men også kjærleik. Mykje av styrken og drivet i «Berlinerpoplene» ligg nettopp her, mellom det som blir sagt og ikkje sagt, overbevisande gjennomført av dette stjernelaget av skodespelarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er med andre ord berre å gle seg, og la seg rive med av dei sjarmerande karakterane og den sorgmuntre historia.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Torsdag blei det klart at det også skal bli tv-serie av den tredje boka, «Ligge i grønne enger». Innspelinga startar neste år. NRK er med andre ord ganske sikre på at haustens serie vil bli ein suksess. Og det kan dei med rette vere. For første episode lovar godt. Svært godt.

Berlinerpoplene» er basert på Anne B. Ragdes bøker «Berlinerpoplene» og «Eremittkrepsene». Serien har premiere måndag 8.oktober klokka 21.30 og skal visast i 6 episodar.

Allereie fredag formiddag kan du sjå første episode på NRKs nettsider.