Du lærer ingenting om morgonen

Du lærer ingenting om morgonen
Du lærer ingenting om morgonen

Kjenner du deg som ein idiot før tolv om morgonen, men som eit geni om kvelden? Då har du noko til felles med kakerlakken.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Amerikanske forskarar har funne ut at kakerlakkar nærmast er ute av stand til å lære seg noko som helst om morgonen. Seinare på dagen går alt så mykje betre, melder forskning.no.

Kjenner du deg att?

- Dette er det første dømet på eit insekt der evna til å lære er kontrollert av den biologiske klokka, seier Terry L. Page, professor i biologi ved Vanderbilt University i USA.

Også tidlegare studiar på pattedyr har vist at evna til å lære varierer med tida på dagen.

Eit eksperiment på menneske som nyleg blei gjort, viste at evna til å ta inn ny informasjon er redusert når den biologiske klokka blir forstyrra, særleg på bestemte tider av dagen.

Kakerlakkane blei lært opp til å assosiere peppermynte - som er ei lukt kakerlakkar vanlegvis ikkje likar - med sukkervatn. Dette fekk dei til å føretrekkje peppermynte framfor vanilje, som er ei lukt kakkerlakkar elles likar godt.

Forskarane utførte treninga til ulike tider i døgeret, og testa kakerlakkane etterpå for kor godt dei hugsa assosiasjonen.

Dei kakerlakkane som blei trena om kvelden, hugsa minnet i fleire dagar. Dei som blei lært opp om natta hugsa også rimeleg godt.

Men dei kakerlakkane som fekk opplæring om morgonen, var heilt ute av stand til å hugse noko av det dei lærte.

Morgontimane skal vere den tida i døgeret då kakerlakkane er minst aktive. Noko som altså blir gjenspegla i læreevna deira.

Dei same kakerlakkane kunne hugse assosiasjonar som blei lært til andre tider.

- Det er veldig overraskande at underskotet om morgonen er så tydeleg, seier Page i ei pressemelding.

- Vi anar ikkje kvifor dyret ikkje vil lære på den bestemte tiden på dagen, seier han.

Personvernpolicy