Debutant med PR-teft

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du debutant og lei av at Anne B. Ragde og Erlend Loe stjel di tid i rampelyset? Gjer som Eskil Aasmul, bruk nettet!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bloggaren Eskil Aasmul utnytta bloggsfæren i marknadsføringa av si debutbok «Blodføre». (Foto: Privat)Bloggaren Eskil Aasmul utnytta bloggsfæren i marknadsføringa av si debutbok «Blodføre». (Foto: Privat)

Eskil Aasmul (35) debuterte denne hausten med thrillaren «Blodføre» - ei blodig og fartsfylt forteljing om ei gruppe orienteringsløparar som kappspring på slettene i Sibir, på jakt etter ein styrta satellitt.

Men, dessverre, i dag held det som regel ikkje berre med ei spanande historie for å få mediemerksemd som debutant, noko Aasmul var fullt klar over.

Som aktiv bloggar (i 2006 blei bloggen hans kåra til Noregs beste), valde han difor å nytte seg av nettverket han har skapt seg i bloggsfæra:

- Eg fekk forlaget til å sende ut eksemplar av boka mi til bloggarar, i tillegg til vanlege aviser. Hovudsakleg større, kjende bloggararar, samt dei som held ein rein bokprofil og berre skriv om bøker, fortel han til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Brukar hjarta

Beviset på at blogginga fungerer: Aasmuls bok låg på 3. plass på Haugen Boks bestseljarliste i både veke 37 og 38.Beviset på at blogginga fungerer: Aasmuls bok låg på 3. plass på Haugen Boks bestseljarliste i både veke 37 og 38.

Hittil har halvparten av bloggarane skrive melding av boka. Og mottakinga har stort sett vore god: «Stor spenning og menneskelig innsikt » og «Han overgår de norske bestselgerne på krim- og thriller-toppen i både språkfølelse og fortellerstil» er berre nokre døme på godorda han har fått for boka. Men også enkelte meir negative meldingar, som denne frå bloggaren Hjorten.

- Bloggarane har nok ein litt anna stil enn avisene. Dei melder bøker med hjarta, medan avismeldarane brukar hovudet. Men eg har vanskeleg for å sjå skilnad på dei beste bloggarane og vanlege journalistar. Dei dyktigaste bloggarane held eit svært høgt nivå, hevdar Eskil Aasmul på telefon til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Slått ut av ME

Aasmul er mannen som i 1996 knakk dei hemmelege kodane bak FIFA-rankinga, noko som gjorde det mogleg for fotballandslaget å spele i høve til god ranking. I 2000 blei han slått ut med diagnosa ME (kronisk utmattelsessyndrom), ein sjukdom som i alvorlege tilfelle kan gjere deg sengeliggjande og ute av stand til å leve eit normalt liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I to år var ikkje Aasmul i stand til å tole verken lys, lyd, rørsle eller berøring. Han kunne heller ikkje snakke.

No har han heldigvis blitt betre, sjølv om sjukdommen framleis sit i kroppen. Likevel brukte han berre eit halvt år på å skrive «Blodføre».

På bestseljarlista

No meiner han at blogginga er årsaka til at boka hans sel godt, i alle fall i nettbokhandlarane:

- På bestseljarlista til Haugen bok har eg lege på tredje plass i både i veke 37 og 38, noko eg trur er ein direkte konsekvens av at boka mi har blitt blogga om; det er nettfolket som har vore inne og kjøpt. Og så har eg blitt intervjua av Adresseavisa, og no ringde nettopp NRK. Dei hadde funne meg gjennom Internett.

Aasmul har også ein eigen forfattarblogg, til liks med ei mengde andre norske forfattarar. Her gjekk han direkte ut før lanseringa av boka og spurde lesarane om konkrete marknadsføringsråd:

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jeg debuterer i høst og føler et ansvar overfor historien om at den skal ha sjansen til å bli lest av flest mulig, det har den fortjent. Men hvordan skaffer man seg et publikum? [...] Hvis det fins måter å skaffe mer oppmerksomhet på, er jeg lutter øre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Under har han fått 16 kommentarar, blant anna denne frå bloggaren Mildrid:

Jeg lover å kjøpe inn boka til biblioteket i Levanger og blogge om den i Bokanbefalinger">bloggen. Da går budskapet ut til hundrevis av bibliotekarer rundt om det ganske land. Da blir den forhåpentligvis kjøpt inn av bibliotekene. (Om du ikke kommer på Kulturfond).

- Sjølv om det ikkje er så mange som les bloggane, så sprer ryktet om boka seg vidare på nettet. Bloggsfæren fungerer som ein jungeltelegraf. Effekten er etter mi meining større om ein blir blogga om, enn om det blir skriven om deg i ein avisartikkel, seier Aasmul.

Via forfattarbloggen har han også blitt kjend med andre bloggande forfattarar, som Torgrim Eggen og Tom Egeland.

- Som forfattar lønner det seg å ha blogg der. Då får ein kontaktar og blir kjend med andre forfattarar, seier Aasmul.

Les bloggen til Eskil Aasmul her

Forfattarbloggen hans

Meir litteratur i ABC Nyheter