Eidsvågs autoriserte liv sel bøker

Eidsvågs autoriserte liv sel bøker
Eidsvågs autoriserte liv sel bøker

Store endringar på denne vekas salsliste. Boka om Eidsvåg er berre éin av nykomarane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Inn på boklista
Bjørn Eidsvågs autoriserte biografi er nykomar på denne vekas salsliste. (Foto: Scanpix)

Bjørn Eidsvågs liv fascinerer lesarane. Det var Eidsvåg sjølv som bad forfattar Randi Berge Svendsen om å skrive boka:

- Nokon som eg ikkje var interessert i å samarbeide med, ville skrive ein biografi om meg. Eg vende meg difor til ho. Eg ville ikkje at privatlivet mitt skulle få ein så framtredande plass. Eg ville ikkje ha noko grafsing, sa Eidsvåg til Aftenbladet då den autoriserte biografien kom ut.

Espen Olafsen mista kona og dottera under tsunamien jula 2004. No har han skrive bok om sorgprosessen saman med prest Per Arne Dahl. (Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX)Espen Olafsen mista kona og dottera under tsunamien jula 2004. No har han skrive bok om sorgprosessen saman med prest Per Arne Dahl. (Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX)

Elles er det den tidlegare Lyn-trenaren Espen Olafsens bok «Hva skal vi med stjerner nå?» som har tatt førsteplassen på denne vekas salsliste for generell litteratur.

Olafsen har saman med prest Per Arne Dahl skrive bok om sorgprosessen og livet vidare etter at han mista kona og dottera i tsunamien i Thailand for snart tre år sidan.

Andre nykomarar på lista er skandaleboka til Kari Breirem, «På ba-hr bakke». Den tidlegare BA-HR-direktøren har skrive bok om omstenda rundt Tore Tønne-saka, og korleis ho opplevde å bli sparka frå jobben, sjikanert og latterleggjort etter at ho varsla om ein falsk faktura.

Også Olav Vesaas' biografi om mora Halldis Moren Vesaas, «Å vera i livet», er ny denne veka.

På lista over skjønnlitteratur har Anne B. Ragde igjen inntatt toppen med «Å ligge i grønne enge».

Nykomarar er Anne Holt med «1222», Tom Egelands «Praktens voktere», Frode Gryttens «Rom ved havet, rom i byen» og Erlend Loes «Muleum».

Pocketlista har berre to nykomarar denne veka, Frid Ingulstads Sønnavind» og «Mor hjertegod».

Boklista uke 38 - 2007

Skjønnlitteratur
(Mestseljande skjønnlitteratur)
1. (2) Ligge i grønne enger (Anne B. Ragde) - Oktober
2. (3) Drageløperen (Khaled Hosseini) - Schibsted
3. (1) Pondus: sju lange og sju breie (Frode Øverli) - Egmont Serieforlaget
4. (7) Tusen strålende soler (Khaled Hosseini) - Schibsted Forlagene
5. (6) Jenta som lekte med ilden (Stieg Larsson) - Gyldendal
6. (5) Honningfellen (Unni Lindell) - Aschehoug
7. (4) Heksen fra Portobello (Paulo Coelho) - Bazar
8. (8) Snømannen (Jo Nesbø) - Aschehoug
9. (Ny) 1222 (Anne Holt) - Piratforlaget
10. (Ny) Praktens voktere (Tom Egeland) - Aschehoug
11. (10) Frans trikser - (Christine Nöstinger) - Damm
12. (9) Francis Meyers lidenskap (Henrik Langeland) - Tiden
13. (Ny) Rom ved havet, rom i byen (Frode Grytten) - Samlaget
14. (Ny) Muleum (Erlend Loe) - Cappelen
15. (12) Sekskanten (Ebba Haslund) - Aschehoug

Generell litteratur
(Mestseljande generell litteratur)
1. (Ny) Hva skal vi med stjerner nå? (Espen Olafsen) - Schibsted Forlagene
2. (Ny) På ba-hr bakke (Kari Breirem) - Bazar
3. (1) Norges hemmelige krigere (Tom Bakkeli) - Kagge
4. (3) Strikk i strid: Ein biografi om Einar Førde (Frank Rossavik) -Spartacus
5. (2) Endring og undring (Astrid Nøklebye Heiberg - Cappelen
6. (4) Opptur Hordaland (Anne Rudsengen) - Selja
7. (5) Krokodiller snakker ikke norsk (Unni Lindell) - Piratforlaget
8. (Ny) Mine første 1000 ord (Betty Root) - Spektrum
9. (Ny) Å vera i livet (Olav Vesaas) - Samlaget
10. (Ny) Bjørn: en biografi (Randi Berge Svendsen) - Font
11. (Ny) Hvor er Willy? - den store bildejakten (Martin Handford) - Orion
12. (Inn på nytt) Papirfly (Nick Robinson) - Spektrum
13. (6) Kom ikke nærmere (Trond Kirkvaag) - NRK Aktivum
14. (Inn på nytt) Sopp (Lohmeyer) - Spektrum
15. (Ny) 50 turer i Norge (Odd Roar Lange) - Kom

Pocket
(Mestseljande pocket- og billigbøker)
1. (1) Menn som hater kvinner (Stieg Larsson) - Gyldendal
2. (2) Saman er ein mindre aleine (Anna Gavalda) - Samlaget
4. (3) Eremittkrepsene (Anne B. Ragde) - Oktober
5. (5) Frelseren (Jo Nesbø) - Aschehoug
5. (Ny) Sønnavind 20 - Mor hjertegod
3. (4) Tatt av kvinnen (Erlend Loe) - Cappelen
7. (6) Pilegrimsreisen (Paulo Coelho) - Bazar
10. (7) Italienske sko (Henning Mankell) - Gyldendal
6. (Inn på nytt) Nattefrost (Knut Faldbakken) - Gyldendal
9. (9) Den siste tempelridder (Raymond Khoury) - Damm
13. (10) Bienes hemmelige liv (Sue Monk Kidd) - Bazar
11. (8) De beste blant oss (Helene Uri) - Gyldendal
8. (11) Mors og fars historie (Edvard Hoem) - Oktober
12. (12) Dødsriket (Tom Kristensen) - Aschehoug
15. (Ny) Ellinor Rafaelsen (Farsarven 9 - Ny horisont) - Cappelen

Boklista er utarbeidd av Den norske Bokhandlarforeining. Salsstatistikk er henta frå: Ark Bokhandel (86 butikkar), Libris (100 av 136 butikkar), Notabene (121 butikkar), Norli (68 butikkar), Fri Bokhandel (19 av 147 butikkar), Tanum Karl Johan og Haugen Bok.

Bokdata frå Den norske Bokdatabasen AS.

Lista blir utgjeven ein gong i veka.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus