Engasjerer og irriterer:Slik går det med språket

Slik går det med språket
Slik går det med språket
Artikkelen fortsetter under annonsen

Er engelsk framleis fienden? Er det sløsing å bruke så mykje pengar på nynorsken? I dag er dagen for å tenkje på språk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Den europeiske språkdagen:

Europarådet har utnemnd 26. september til ein felles europeisk språkdag. Dagen skal nyttast til å auke medvitet kring språk og kultur, og motivere europearar til å lære fleire språk.

I Noreg har vi to språk: samisk og norsk. Norsk har to sidestilte former: nynorsk og bokmål.

(Foto. Scanpix)

Dagen i dag er utnemnd til Den europeiske språkdagen av Europarådet.

I den grad nordmenn er opptekne av språk, kan det sjå ut til at vi anten elskar å kose oss med Petter Schjerven på TV eller så debatterer vi med stor innleving og irritasjon sidemål og samisk i mange slags forum.

Det er bra at språk engasjerer, men vi er ikkje så annleis som vi likar å tru i dette landet, kan Jan Olav Fretland, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og medlem i Språkrådet, fortelje.

To språk ikkje noko spesielt

Når vi i Noreg hevdar at det er noko særnorsk i å ha fleire språk, som bokmål og nynorsk, og bruke mykje pengar på å halde dei to målformene i live, så er vi litt på villspor.

- Dei aller fleste landa i Europa har fleire språk, ikkje berre Noreg.

Skilnaden mellom oss og dei andre er at dei ikkje diskuterer om det å vere tospråkleg handlar om å kaste vekk pengar, hevdar han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Jan Olav Fretland er medlem i Språkrådet. (Foto: Norsk Plan as)Jan Olav Fretland er medlem i Språkrådet. (Foto: Norsk Plan as)

Misunnelege

Då er vi meir unike på eit område nordmenn felst neppe reflekterer så mykje over.

- Vi har stor dialektfridom i Noreg, og det blir lagt merke til i fagkrinsar i utlandet.

Slik er det nemleg ikkje over alt. I Finland, kor svensk er eitt av dei offisielle språka, er det ikkje akseptabelt å snakke svenske dialektar, der er det normert svensk som gjeld.

- Så strengt ser vi ikkje på det, og det er mange som misunner oss fridommen, meiner Fretland.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bøter mot engelsk

At det norske språket er under press, har blitt eit bortimot udiskutabelt faktum. Slik er det også for andre europeiske språk, sjølv om måten ein handsamar det på er ulik.

- Norden og Nederland er vi mest opptekne av trugsmålet frå engelsken, noko som har resultert i at dei nordiske landa har utarbeidd handlingsplanar for å sikre nasjonalspråka.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I andre land held ein meir streng på at det berre er nasjonalspråket som skal nyttast og at andre språk må vike. Franske bedriftseigarar får til dømes bøter viss dei nyttar engelske namn på bedriftene sine. I Latvia er det ikkje lov å nytte russisk, sjølv om bortimot 30 prosent av folket er russiskspråklege.

Ikkje forbod

Men å halde fram engelsk som noko einsidig farleg for språket vil ikkje Fretland vere med på.

- Engelsk er blitt eit globalt medieverktøy som dei unge møter når dei er på nettsamfunna, speler spel og i IKT-verda generelt. Å vere god i engelsk må vere bra.

Det viktige er at vi greier å vere parallellspråklege og har gode støtteordningar til å utvikle norske alternativ, meiner Fretland.

- Å forby engelsk vil aldri vere ei god løysing.

Appelsinjus og beiken

Det er ikkje Språkrådet si oppgåve å lage norsk fagspråk, det ansvaret ligg til institusjonane. Språkrådet kan derimot føreslå nye ord som erstatning for frammandord eller norsk skrivemåte for utanlandske ord. Sist gong dei gjorde det, var for ti år sidan. Då fekk ord som sørvis og polisj innpass, medan pøbb og beiken blei for radikalt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Bruker vi desse orda? Og kjem det nye til?

Det skjer endringar, seier Fretland, sjølv om det kanskje ikkje går så fort.

- Vi ser stadig oftare gaid, skuter eller skåre brukt i media.

Ordet juss (som i faget) tar meir og meir over for jus, medan jus oftare blir brukt om drikkevara juice. For første gong, så langt Fretland veitt, har no ein drikkevareprodusent nytta jus på kartongane.

Når det gjeld nye ord, så meiner han det er gode system for å hente inn nyord når det trengst.

- Den viktigaste kjelda til nye ord er avisene og skribentane. Viss dei byrjar bruke nye formar, er vi på glid.

Store mot små i EU

Den europeiske språkdagen skal motivere europearar til å reflektere over språkspørsmål. Kva er EU, med sine 23 språk, oppteken av?

- EU har til no vore veldig bevisste på dei rettane nasjonalspråka til medlemslanda skal ha, og brukar store summar på omsetjing og tolking.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alle nasjonane har i dag krav på å få omsett alt materiell, både skriftleg og munnleg, med unntak av somme minoritetsspråk som til dømes gælisk.

Samstundes byrjar ein å spore ei viss usemje innad i organisasjonen. Engelsk og fransk er i dag dei store, overordna språka i EU, med spansk, italiensk og tysk som gode andrekandidatar. No har dei største spårkgruppene byrja murre og gi uttrykk for at det må bli ein større skilnad i maktfordelinga mellom dei store og små språka, utan at det så langt har blitt reist som eit ope spørsmål.

Norsk språkpolitikk til hausten

Noreg er ikkje ein del av den EU’ske språkpolitikken, og har innan nasjonale språkkrinsar blitt kritiserte for ikkje å ha ein eigen språkpolitikk. Det blir det gjerne ei endring på når kulturministeren legg fram ei stortingsmelding om norsk språk i haust.

Er det greitt å skrive «gaid» og «skuter» i staden for guide og scooter? Er det nokre ord du kunne tenkje deg å fornorske? Trykk på «skriv kommentar» og sei meininga di!