- Madeleine var ein krevjande baby

- Madeleine var ein krevjande baby
- Madeleine var ein krevjande baby
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det uttalar Kate McCann til portugisisk presse.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Mistenkt
Politiet i Portugal vil bygge en profil av Kate McCann som mor. Ho har tidlegare uttalt til portugisisk presse at Madeleine var eit krevjande barn.

- Madeleine hadde kolikk og skreik 18 timar om dagen som baby.

Det fortel Kate McCann i eit intervju med eit portugisisk magasin. Då tvillingbroren og -systera til Madeleine blei fødde, skal ho ha krevd mykje merksemd frå foreldra. Madeleine var berre 20 månader gammal då ho blei storesøster.

Tette band

«Eg måtte bere Madeleine rundt heile tida», fortalde Kate McCann i intervjuet, som blei gjort før ho fekk status som mistenkt i saka. Intensjonen var å forklare årsaka til det spesielt tette bandet som ho og Madeleine skal ha utvikla i desse tidlege åra - då mor og dotter sjeldan skal ha vore frå kvarandre.

I intervjuet snakka Kate McCann opent om sine erfaringar som mor til Madeleine, og fortald at dei første seks månadane var «svært vanskelege».

Ifølgje Daily Mail reknar portugisisk politi intervjuet som verdifullt materiale i den profilen dei for tida byggjer av Kate McCann.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Politiet vil bruke legejournalar og Kates dagbøker for å få i stand ei sak som viser at ho ikkje var i stand til å kontrollere fire år gamle Madeleine, og at alt slitet kan ha provosert ho til å utøve vald mot dottera då dei var på ferie i Praia da Luz.

Dagbok

I førre veke publiserte portugisisk presse detaljar som dei hevdar skal kome Kate McCanns dagbok.

Foreløpig ser ikkje politiets tekniske bevis ut til å halde mål, og den portugisiske dommaren som har vurdert bevisa, skal ha avslått politiets førespurnad om å få kalle foreldra tilbake til Portugal for nye avhøyr.

Les meir:

Kate McCanns skjebnetime