6 millionar til nynorskbrukarane

6 millionar til nynorskbrukarane
6 millionar til nynorskbrukarane

Regjeringa har klar ei nynorskpakke på seks millionar i statsbudsjettet for 2008.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Regjeringa Stoltenberg meldte i dag at dei auker overføringane til nynorskfolket med 6 millionar kroner neste år.

– Nynorskpakka frå regjeringa vil kome kvar einaste nynorskbrukar til gode. Det er første gongen ei regjering satsar breitt og systematisk på å styrkje nynorskinstitusjonane i landet, skriv sekretær i Nynorsk Forum Ottar Grepstad i ei pressemelding i dag.

Nynorsk Forum er ein paraplyorganisasjon for dei 20 viktigaste, riksdekkande nynorskinstitusjonane.

Dei seks millionane blir fordelte på fem tiltak og strekkjer seg frå bokutgiving og scenekunst til ordbøker og museum.

Det er fleire år sidan at eit breitt stortingsfleirtal samla seg om at nynorsk skriftkultur skal styrkjast systematisk fram til 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013.

Ottar Grepstad synest det går nynorskens veg no:

– Nynorsksaka no er inne i ein lang og flott unnabakke. Farten er så god at dei motbakkane som sikkert kjem, blir mest som fartsdumpar å rekne, seier Grepstad.

Noregs Mållag er også godt nøgde med budsjettauken. Mållaget får 300 000 kroner av pengane.

Men dagleg leiar Gro Morken Endresen understrekar at det ekstra tilskotet ikkje vil gje regjeringa arbeidsro:

- Desse pengane vil setje oss i stand til å følgja opp innsatsen dykkar endå betre neste år og la det ikkje vera den minste tvil om at vi kjem til å bruka sjansen godt, kommenterer ho i ei pressemelding frå Noregs Mållag, med klår adresse til regjeringskvartalet.

Det er om lag 600 000 nynorskbrukarar i Noreg, dei aller fleste av dei held til i hovudstaden.

Slik blir pengane frå nynorskpakka til regjeringa fordelt:

3 000 000 kr til Det Norske Teatret

1 000 000 kr til Norsk Ordbok 2014

1 000 000 kr til støtteordninga for nynorsk litteratur i Norsk kulturråd

700 000 kr til Nynorsk kultursentrum

300 000 kr til Noregs Mållag

Personvernpolicy