Er det verdt å verne?

Er det verdt å verne?
Er det verdt å verne?

Odda er i tvil: Ja eller nei til Unesco og vern av den gamle fabrikken? Ungdommen seier nei.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Unesco:
Den gamle fabrikken, midt i hjarta av Odda, vart nedlagt i 2003. No er spørsmålet om han skal få status som eit «unikt og universelt» kulturminne gjennom Unesco. (Foto: ToyniTobekk)

Smeltefabrikken i Odda gjekk konkurs i 2003. Riksantikvaren påla eit midlertidig vern av fabrikken og like etter bestemte eit samla Odda kommunestyre seg for å søkje verdsarvstatus for smelteverket.

Men så har det snudd. Det politiske landskapet delte seg, og leirane på ja- og nei sida står no steilt mot kvarandre.

Ombestemte seg

- Riksantikvaren har bestemt at fabrikken skal vernast, og no står han der og forfell, seier Gard Folkvord. Han tilhøyrer Arbeidarpartiet, partiet som har snudd frå ja til nei.

Under kommunevalet skal Odda stemme ja eller nei til søknad om å få stå på verdsarvlista. (Foto: Toyni Tobekk)Under kommunevalet skal Odda stemme ja eller nei til søknad om å få stå på verdsarvlista. (Foto: Toyni Tobekk)

- Ja, det stemmer at vi var med og stemte for søknaden om verdsarvstatus. Men i ettertid har omfanget av det som er foreslått verna blitt så stort, at vi ikkje kan sjå at Odda er tent med det.

Etterlyser pengar

- Det er ingen som har forplikta seg økonomisk i forhold til eit varig vern, held han fram og syner til den gamle fabrikken som står og rustar sønder og saman.

- Riksantikvaren bør som eit minimum kome med pengar til å ta vare på det som står att. I høve eit varig vern er eg uansett redd for at det er Odda kommune som blir ståande att med rekninga, og det har vi ikkje råd til.

Riv ikkje alt

Aller mest ønskjer Folkvord at investorar og næringsutviklarar skal få sleppe til og få fart på opprydding og utvikling av dette sentrumsnære området.

Usemja handlar dessutan om ulike ting, ifølgje Folkvord. Dei gamle teglsteinsbygningane er det visstnok ingen som ønskjer å rive, medan det forfalne produksjonsutstyret skapar stor irritasjon.

- Det er ikkje det at vi er imot Unesco, det er omfanget vi ikkje likar.

Meir turisme

- Dette handlar om at vi må ta vare på kulturarven vår og sjå kva statusen kan gjere for Odda, seier ja-politikar Aslaug Halleland (SV).

- Unescostatus kan erfaringsmessig tyde opptil 40 prosent auke i aktivitet knytt til reiseliv og sørvis.

SV er for å oppretthalde søknaden til Unesco.

- Verdsarvstatusen må brukast for det han er verd til å lokke folk til Odda, spesielt ungdom, seier Halleland.

Folket bestemmer

Odda lir under stor fråflytting. Ingen vestlandskommunar ha tapt så mange innbyggjarar som Odda i fjor. Kommunen tel i dag litt over 7 000 menneske.

- Saman med ei fornuftig utbygging av fabrikkområdet vil verdsarvstatusen vere med og skape meir varierte arbeidsplassar og auka turisme, meiner Halleland.

- Og så har me jo alltids høve til å seie frå os statusen vis me etterkvart kjem til at han kostar oss for mykje.

Ikkje opp til Odda

No er det ikkje slik at det er Odda som skal seie ja eller nei til Unesco, dei skal berre bestemme seg for om dei vil stå på den søknaden dei har sendt.

- Det er til sjuande og sist Unesco som skal seie ja eller nei til Odda, presiserer Ingunn Kvisterøy frå Unesco-kommisjonen i Noreg.

Når det gjeld dette Halleland seier om å seie frå seg verdsarvstatusen, peiker Kvisterøy på at det er noko som sjeldan blir gjort.

- I prinsippet kan ein gjere det, men det må i så fall vere på initiativ frå staten som er dei som fremjar søknaden og tar på seg forvaltningsansvaret når verdsarvstatusen er gitt. Men dei fleste ser nok på det som ei ære å få ein slik status.

Knapt nei-fleirtal

Så sterkt har Unescosaka engasjert, at LO i Odda fekk gjennomslag for ei folkerøysting. 10. september skal derfor oddingane ha både kommuneval og folkerøysting. Spørsmålet blir om dei seier ja eller nei til å oppretthalde Unescosøknaden.

Skuleelvane i Odda har i alle fall sagt sitt i dag. 140 av dei røysteføre elevane har sagt nei til å gå vidare med søknaden, medan 124 stemte for. Samstundes blir Ja til Unesco-partiet RV utropt til klar vinnar av skulevalet i Odda.

Fakta om Odda og verdsarvstatusen:

For å få verdsarvstatus må ein stad ha ein eineståande universell verdi. Til no er det sju stader i Noreg som har verdsarvstatus.

Stridens kjerne i Odda er det gamle smelteverket som er innstilt til verdsarvslista som eit teknisk industrielt kulturminne.

I haust vil miljøvernministeren avgjere om Odda, Tyssedal og Rjukan sin søknad skal kome på den såkalla tentative lista. Det tyder i så fall at staten formelt står bak søknaden og jobbar med å fremje han til Unesco.

Miljøvernministeren vil ikkje ta noko avgjerd i saka før folket har sagt sitt.


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus