«Lasso rundt fru Luna» i ny utgåve:Mykles ukjende homoflørt

Mykles ukjende homoflørt
Mykles ukjende homoflørt
Artikkelen fortsetter under annonsen

Agnar Mykles skildringar av homoerotiske kjensler mellom menn blei utelatt i originalutgåva, men får no vere med i Gyldendals nyutgjeving. - Burde ha kome tidlegare, meiner mannsforskar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta:

Foto: Under rettssaka om boka «Sangen om den røde rubin» fekk forfattar Agnar Mykle dagleg blomster og støtteerklæringar. (Sverre A. Børretzen / Aktuell / SCANPIX)

Agnar Mykle debuterte med novellesamlinga «Taustigen» i 1948. Tre år etter kom romanen «Tyven, tyven skal du hete». I 1954 kom «Lasso rundt fru Luna», og to år etter «Sangen om den røde rubin», som blei konfiskert etter dom i byretten. Dette var dei to første delane av ein planlagd trilogi, men det tok ni år før Mykle gav ut noko nytt, og trilogien blei aldri avslutta.

Etter utgjeving av «Largo» (1967) trakk Mykle seg tilbake frå offentlegheita, og det blei heller ikkje fleire bøker, med unntak av de tre nemnde samlingane som blei utgjeven etter forfattarens død.

Anders Heger har skrive forordet i den nye utgåva av Lasso rundt fru Luna som kjem seinare i september. Heger har lenge vore oppteken av Mykle. For den kritikarroste biografien «Mykle. Et diktet liv» (1999) vann han Brageprisen. Han har også skrive bok om Mykle-saka: «Men landet er Norge - prosessen mot Agnar Mykle 1956-1958» (1985) (revidert utgåve «Agnar Mykle og Norge. Historien om litterær rettergang» (1994).

Forfattar og forlagsredaktør i Cappelen Anders Heger. (Foto: Scanpix)Forfattar og forlagsredaktør i Cappelen Anders Heger. (Foto: Scanpix)

Då «Lasso rundt fru Luna» blei utgjeven for første gong i 1954 var fleire kapittel frå det opprinnelege manuskriptet til Mykle kutta bort.

Gyldendal gjev i september ut ei ny utgåve av romanen, der dei tidlegare utelatne passasjane er tatt med. Anders Heger, forfattar og forlagsforlagsredaktør i Cappelen, har skrive forordet og har dessutan leia arbeidet med å tilføye til dei utelatne delane av Mykles originalmanuskript.

Homoerotikk

Tidskriftet Blikk skriv i dag at det blant anna er snakk om eit kapittel der hovudpersonen Ask Burlefot gjev uttrykk for svært varme kjensler overfor vennen Kvase:

Det som hadde sprunget opp mellom dem, var nytt, forbløffende overveldende. Ingen hadde tenkt at det kunne finnes et menneske som den annen … hver dag lengtet han etter å treffe ham og komme sammen med ham, suge av hans kraft, hans mot, hans rene sinn …

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I eit seinare kapittel skildrar Ask sin tidlegare skulekamerat Gunnar Lid, som skal ha vore «så vakker at Ask fikk klump i halsen».

Ifølgje Anders Heger er begge desse to kapitla openberre skildringar av ei forelsking. «Eg meiner, du set ikkje av tjue sider til lovprising om det berre handlar om vennskap. det er den måten ein skriv om eit menneske ein er tiltrukken av», seier han til Blikk.

- Gyldendal bør beklage

Mannsforskar Jørgen Lorentzen. (Foto: Senter for Kvinne. og kjønnsforskning)Mannsforskar Jørgen Lorentzen. (Foto: Senter for Kvinne. og kjønnsforskning)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Litteraturvitar og kjønnsforskar Jørgen Lorentzen meiner Gyldendal bør gå offentleg ut og beklage at nettopp desse passasjane blei kutta bort frå den originale utgåva:

- Hadde desse kapitla gjennom sensuren i Gyldendal den gongen, kunne dei ha bidratt til at debatten om homoseksualitet kunne ha kome mykje tidlegare enn den faktisk gjorde i Noreg, seier han til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er synd at desse passasjane blei tatt ut. Gyldendal bør gå ut og beklage at dette skjedde. Forlaget har bidratt til å fortie ein debatt.

- Dette er heilt sikkert riktig, innrømmer forlagsdirektør Einar Ibenholt i Gyldendal. - Men det er utruleg lettvint å setje seg til doms over fortida. Forlaget var som andre samfunnsinstitusjonar prega av moralen og det settet med konvensjonar som rådde i tida. Men eg synest at Gyldendal ved å gi ut «Lasso rundt fru Luna» og «Sangen om den røde rubin» tok fleire steg i forhold til å utfordre samtida.

Straffbart

Seksuell omgang mellom menn var straffbart då «Lasso rundt fru Luna» kom ut i 1954. Ein ordentleg debatt om homoseksualitet fekk vi ikkje før i 1972, då homoseksualitet blei avkriminalisert - og dette var veldig seint samanlikna med til dømes Danmark, ifølgje Jørgen Lorentzen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- På 50-talet blei homoseksualitet sett på som sjukeleg og kriminelt. Difor er det utruleg flott at Mykle kjem med skildringar av homoseksuelle kjensler som etter det eg forstår ikkje er prega av verken skam eller skuld, meiner mannsforskaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein av dei mest kjende homoforfattarane i skandinavisk samanheng er Herman Bang (1857-1912). Sjukeleggjeringa og kriminaliseringa av homoseksuelle kjensler gjorde at Bang ikkje kunne skrive ein open homoseksuell litteratur, men bøkene hans er fulle av omskrivingar og antydningar til kjærleik mellom menn, ifølgje Lorentzen.

Men Agnar Mykle kan vanskeleg karakteriserast som ein homoseksuell forfattar på linje med Herman Bang. Mykle skildrar meir den naturlege tiltrekninga mellom menn, ifølgje Anders Heger:

«Det spesielle er at det ikkje finst noko fordømming, ingen matrande angst eller konstatering og grubling over legning. Det er mer: «Han er jammen jævla søt han Gunnar», seier han til Blikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ein tidleg Tore Renberg

Forfattar Tore Renberg. (Foto: Scanpix)Forfattar Tore Renberg. (Foto: Scanpix)

- I så måte er Agnar Mykle meir ei tidleg utgåve av Tore Renberg, ler Jørgen Lorentzen, og siktar til Renbergs roman «Mannen som elsket Yngve» (2003), der 17-åringen Jarle Klepp er forelska både i klassekameraten Yngve og kjærasten Katrine på same tid.

Slik Renberg utforskar mannleg seksualitet og maskulinitet på 90-talet, diskuterer Agnar Mykle mannsrolla på 50-talet i «Lasso rundt fru Luna» - som i det opphavlege manuset også inneheldt skildringar av homoerotiske kjensler.

- Vi veit at det fanst eit utstrakt seksuelt samkvem blant menn på 40- og 50-talet, også blant menn som ikkje definerte seg sjølve som homofile. Menn var seksuelt underernærte, kvinner skulle vere dydige fram til dei gifta seg. Difor var det ein kjend sak at det føregjekk seksuelt samkvem mellom menn i det offentlege rom. Det føregjekk både på pissoar, i parkar og ved havna når sjøfolk kom i land, fortel Lorentzen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Glitrande skrive

Verken Anders Heger eller Lars Mæhle, som har vore redaktør for nyutgivinga, vil hevde at det er snakk om direkte sensur frå forlagets side.

- Ein sjettedel av Mykles manus blei skore ned. Det låg først og fremst økonomiske motiv bak: Boka var for lang til å kunne selje. Det er ikkje uvanleg at manus blir forkorta.

Kapitlet der Ask skildrar sine kjensler for vennen Kvase kjem heilt mot slutten av boka. Forlagsredaktørane Sigurd Hoel og Harald Grieg grunngav strykinga med at det var for seint å introdusere ein ny karakter, fortel Mæhle.

- Mykle sjølv var sterkt ueinig i fleire av strykningane, og passasjen med Kvase er glitrande skrive. Det er stor litteratur, det er det ingen tvil om.

Anders Heger er einig i Mæhles vurderingar.

- Ja, kapitlet der Ask omtalar Kvase er svært godt skrivne. Sånn sett er det ei underleg stryking. Men eg trur ikkje det er snakk om medviten sensur. Det var einigheit om at manuskriptet var for langt, seier Anders Heger til ABC Nyheter.

Noko meir vil han foreløpig ikkje seie om dei utelatne passasjane, som endeleg blir tilgjengelege for alle Mykle-entusiastar i nyutgjevinga som etter planen skal lanserast seinare denne månaden.

ABC Nyheter litteratur