Mads Larsen: «Lesbisk nigger» (Gyldendal 2007, 380 sider)Lesbisk nigger utan tenning

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skuffande lite provokasjon frå Pornopung-Larsen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mads Larsen har sett lyset. Han har lese skeiv teori og forsøker no å frelse verda med sin eigen lettvekt-analyse av forholdet mellom kjønna.

Mannen som «nigger»

Resonnementet er som følgjer:

Den mannlege seksualiteten har ingen verdi i vår kultur, men blir rekna for å vere skitten, ekkel og vondskapsfull. Difor har alle heterofile menn «niggerstempel» og står med lua i handa på kjøtmarknaden. Medan kvinnene kan velje og vrake i mannebein, blir den maskuline underklassa audmjuka og nedverdiga.

[J]entene tilhørte den frigjorte seksuelle overklassen med ubegrensede muligheter til å leve ut hver eneste fantasi. Fantastisk! Men medaljen hadde ei bakside som ble styggere og styggere - den seksuelle pariaklassen.

Dette resonnementet synest forfattaren er så makelaust godt at han tvingar det i oss med teskjei, gong etter gong utover i romanen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Slutninga om den seksuelt underlegne manneklassa kunne ha vore interessant nok, hadde Larsen berre utvikla ho vidare og kome med eit par nye poeng i løpet av dei 380 sidene. Men det skjer dessverre ikkje.

I staden nyttar han høvet til å skrive mjukporno.

Sitt lesbiske 'eg'

Romanen byrjar med at eg-personen Robin skildrar korleis han i nokre år gjekk inn i manesjen på det heteroseksuelle «apesirkuset», som han kallar det. Og saman med eit hemmeleg nettverk av seksuelt frustrerte menn klarar han faktisk å ta tilbake mannemakta. Han blir sjølvaste alfahannen, ein suveren sjekkemeister som aldri får nei, som kan alle strategiar og knep. Men sjølvsagt, han er djupt ulukkeleg, heilt til den natta han får oppleve lesbesex.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I seng med ei hot lesbisk kvinne finn han endeleg sitt eigentlege «eg». Han er ein lesbisk mann, skapt til å elske med lesbiske kvinner. «Lesber var min heroin», fortel Robin.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Og kvifor ikkje? I dag står ein heldigvis fritt til å velje sin seksuelle legning.

Sex, sex, sex

Han drar til lesbeøya Lesbos for å leve ut sine seksuelle preferansar og for ein gongs skuld bli behandla som ein likeverdig av kvinnene. Det siste viser seg å ikkje vere heilt enkelt. Men pytt pytt, for her blir det både trekant og firkant, klining, fingring og slikking, lesbesex, homosex, heterosex, oralsex, sex med strap on, SM-sex og så vidare og så vidare.

Like lite som Robin provoserer som lesbisk mann, lét eg meg engasjere av sexen. Alle desse kjønnsorgana, alle brystene, rompene og munnane, all denne slikkinga og suginga er så gjespande kjedeleg skildra, at det for denne bokmeldaren har satt ein effektivt stoppar for alt som minnar om sexlyst for fleire veker framover.

På sitt beste skriv Mads Larsen leikande og godt. På sitt verste er språket hans meiningslaust og fullt av dårleg skjulte flosklar. Nokre av dialogane er rett og slett pinleg lesing:

«Eh, ikke putt noe inn i tissen min. Jeg kan godt suge deg.»
«Ok. Gi meg den teiteste sjekkelinja du vet.»
«Kødder du nå?» spør hun. «Du skal sjekke jenta for oss begge, men vil starte med et handikap?»
«
Vi skal sjekke jenta. Det er et par ting du ikke vet om meg.» [...]
Jeg lener meg over og forklarer strategien mens den magiske låta når klimaks. Så reiser vi oss, og jeg møter Bøttas blikk på min vei over dansegolvet. Hun serverer attenåringene. Knappen er trykket. Den farlige følelsen av å måtte betale seinere, men av og til må du selge deler for å ikke miste hele, når tyngda blir større enn bæreevnen.
«Sikker på at du vil ha sex med ei heterodame da?» hvisker Rene.
«Må innrømme at jeg har et heteroproblem. Noen ganger blir jeg så jævlig heterofil i fylla. Hehe. Bare kødder, jeg gjør dette for deg.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva skal ei meingslaus setning som «av og til må du selge deler for å ikke miste hele, når tyngda blir større enn bæreevnen» gi meg som lesar? Eg klør meg i hovudet.

Lukkast ikkje

Robin blir i Mads Larsens' penn til ein latterleg, sjølvmedlidande og sjølvgod narsissist. Det må skuffe forfattaren at ikkje fleire lét seg hisse opp av hans lesbiske mann. Robin er sannsynlegvis meint å provosere og utfordre tenkinga vår kring kjønn og seksualitet.

Det lukkast forfattaren med i svært liten grad.

Karakter: 2 av 10

Siste bokmeldingar frå ABC Nyheter:

Alene mot verden

Grøss fra Sæterbakken

ABC Nyheter litteratur