9/11 – kritikar til Protestfestivalen:

Fritt fram for terror-konspirasjon

Fritt fram for terror-konspirasjon
Fritt fram for terror-konspirasjon

Frontfiguren for 9/11 Truth-rørsla, David Ray Griffin, kritiserer den offisielle versjonen av kva som skjedde under terrorangrepa i USA. No kjem han til Protestfestivalen i Kristiansand.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Illustrasjonsfoto:

Christianssand Protestfestival har tradisjon for å fokusere på kontroversielle tema. I år vert det blant anna invitert til debatt rundt apeteorien og terrorangrepa 9/11.

Svein Inge Olsen, som er ein av initiativtakarane bak festivalen, trur 9/11 og foredraget av David Ray Griffin vil engasjere folk og meiner det er viktig å stimulere til ein brei debatt.

Kritiske spørsmål

- Her får konspirasjonsteoretikarane fri utfolding, dersom det viser seg at Griffin og Truth-rørsla har rett, vert det jo skrive ny verdshistorie. Me har ingen agenda, men det er viktig å stille kritiske spørsmål, meiner han, og slår fast at likegyldigheit er festivalens verste fiende.

Griffin er kjent for fire kontroversielle bøker om kva som eigentleg skjedde under terrorangrepa 11. september i USA – der han insinuerer at 9/11 truleg var ein insidejobb og ikkje eit terrorangrep.

Under Protestfestivalen kjem også professor ved Fredsforskningsinstituttet i Oslo, Ole Tunander og stipendiat ved NTNU, Emil Andre Røyrvik. Både Tunander og Røyrvik er skeptiske til den offisielle versjonen av 9/11.

Tanken bak Protestfestivalen, som i år vert arrangert for åttande gong, er å stille kritiske spørsmål og å stimulere til debatt. Målet er å skape ein protest mot avmakt og einsretting i samfunnet, samstundes som ein slår eit slag for engasjement og handling.

Inspirert av Erik Bye

I følgje festivalen si eiga nettside ynskjer ein å skape eit program i ånda til Erik Bye, Henrik Wergeland, Jens Bjørneboe og Axel Jensen.

- Me ynskjer at festivalen skal bli ein grobotn for engasjement. Her får folk noko heilt nytt der debattane er annleis og utfordrande. Debattane føregår også på publikums premiss, sidan me har ein tilgjengeleg publikumsmikrofon, meiner Olsen.

Årets protesfestival opnar 1.september og går over ni dagar. Tema for festivalen er «Bare døde fisker følger strømmen» .

Som ein del av programmet vert også Erik Byes Minnepris for 2007 delt ut. Tidlegare har Åge Aleksandersen og Hanne Sophie Greve fått prisen, som skal gå til ein person som går mot straumen og som kjempar for fred, rettferd og menneskeverd.

Personvernpolicy