- Beethoven får plantar til å vekse fortare

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lydbølgjer påverker veksten til plantar, hevdar forskarar. Så kva med nokre vennlege ord til stoveplanta i kveld?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ludwig von Beethoven. (Foto: Wikipedia commons)Ludwig von Beethoven. (Foto: Wikipedia commons)

Plantar er kjende for å respondere på lys, vind og næringsrik jord. Mange vil også hevde at det hjelper å godsnakke med stoveplantene for å få dei til å trivast. Nokre gartnarar trur også at blomstrar kan få nytt liv ved hjelp av musikk.

No kan det vise seg at dette ikkje berre er overtru: Sørkoreanske forskarar har nemleg spela Beethovens kjende «Måneskinnsonaten» for risplanter og hevdar no at dei har identifiserte plantegenar som kan «høyre», melder Telegraph.

Raskare vekst

Forskarane, som har publisert arbeidet i denne vekas New Scientist, seier at oppdaging deira i framtida kan gjere det mogleg for bønder å slå spesifikke plantegen av og på - og potensielt få avlingar til å blomstre på spesielle tider og vekse raskare.

Mi-Jeong Jeong ved det nasjonale instituttet for agrokulturell bioteknologi i Suwon i Sør-Korea og hans kollegaer innleia forskingsarbeidet med å spele 14 ulike klassiske stykke for risplantane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei overvaka genframstillinga i plantane - prosessen der plantane sin DNA-kode blir forvandla til instruksjonar for biologiske prosessar, som vekst.

Dei fann ut at lydar på spesifikke frekvensar - 125Hz og 250Hz - gjorde nokre generer meir aktive, medan lydbølgjer på 50Hz gjorde dei mindre aktive.

Det same eksperimentet blei gjentatt i mørkret, i tilfelle det var lyset som fekk genene til å respondere - men dei konkluderte med at det var lyden som forårsaka effekten.

Skeptiske

Andre forskarar har stilt seg meir skeptiske til resultata, og har påpeika at faktorar som vind kan drukne lydeffekten.

Philip Wigge ved John Inner Centre i Norwich har uttalt at han ikkje stolar på resultata i studien, då det etter hans syn hadde blitt analysert for få eksempel.