Agnes Ravatn: «Veke 53» (Samlaget 2007, 199 sider)

Strålande debutroman om lektor i krise

 Debutant Agnes Ravatn byr på underhaldande lektor-tristesse.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Debutant Agnes Ravatn (24) frå Ølen i Hordaland har skrive ei herleg bok om lektor Georg Ulveset og hans raknande liv dagane før jul.

Ei ulukke kjem sjeldan aleine. Akkurat denne veka blir Georgs besteven alvorleg sjuk. Sjølv mistar han far sin, og står i fare for å bli sparka frå lærarjobben etter at han kjem berusa på på skulen. Midt oppi alt dette møter han att Marlene, den store kjærleiken frå ungdomstida. Med andre ord ei kaotisk veke for ein stakkar fråskild lektor i slutten av førtiåra.

Antihelt

Den middelaldrande lektoren er ein kjend skikkelse i norsk litteratur, ikkje minst hos Dag Solstad. Og Georg Ulveset er ikkje heilt ulik antihelten Elias Rukla i «Genanse og verdighet». Elias Rukla og Georg er begge lettare alkoholiserte og frustrerte over dumme elevar, og over det faktum at livet ikkje inneheld noko meir.

Men der stopper også likskapen. For Ravatn sin lettbeinte stil minnar mest av alt om vestlandsforfattarar som Ragnar Hovland og Frode Grytten. Humoren er upåklageleg. Denne lesaren lo høgt fleire stader og fryda seg beint fram over Georgs sjølvironiske og tørrvittige refleksjonar.

Historia i seg sjølv er derimot alvorleg nok. Det handlar om einsemd og tapte moglegheiter, svunne ambisjonar og illusjonar. I si eiga dagbok har Georg skrive:

Eg er rasjonell og illusjonslaus i alt og eitt, trass all litteratur og erfaring, og det er mi største ulukke. Som eg saknar å tru på noko, og som eg saknar å vera oppslukt av noko.

Eit kjend problem i dagens overflatesamfunn, og ikkje minst eit kjend tema i moderne litteratur.

Havnar i grøfta

Undertonen er altså sår, men Georg Ulveset er rett og slett ein kar ein får sansen for og som eg gjerne skulle ha tatt eit glas øl med. Kan hende har det samanheng med at lett mislukka menneske gjerne appellerer til andre, slik at vi kan tenkje: «Så langt har det i alle fall ikkje gått med meg!» Og difor kan vi ikkje anna enn å le høgt av Georg, som overnattar i huseigarens stove etter at ho bryt lårhalsen og hamnar på sjukehus. Her tillét han seg sjølv «temmelege rause smaksprøvar» frå brennevinsflaskene hennar før han syklar til skulen. Han krasjar i grøfta, men kjem til slutt fram til elevane og arrangerer ein noko original omgang «Hangman» med løysingsordet: «Marie Hamsun er lesbisk».

Høgdepunktet i boka er juleselskapet hos Sissel og Jacob Meyer. Georg gruar seg og har slett ikkje lyst til å gå. Og det heile startar som forventa, med sosialt ubehjelpelege konversering med sidemannen og pinlege situasjonar. Men til Georgs store glede blir den tanketomme kosepraten avbroten av verten sjølv:

Jacob Meyer var den perfekte toastmaster, og vitsane hans appellerte til absolutt alle. Middagsgjestene lo, kvinna overfor Georg lo ein faretrugande latter, og Georg lo falskt. Lokalavisjournalisten lo og Jacob si høgre hand, Per Bjørnsen, sa høgt:
- Pøh, det er berre til å kitla Sissel litt det, så røper ho det fort.
Folk lo endå meir. Ah, tenkte Georg, for ei god stemning. Jacob parerte lynkjapt.
- Ja, eller du kan ta og valdta henne! sa han.
Latteren stansa kontant i halsen på alle, og Jacob Meyer sitt uortodokse forslag skapte ein litt merkeleg atmosfære i selskapet.

Og derifrå går det berre éin veg.

Agnes Ravatn har skrive ei morosam og underhaldande lita perle av ei bok - som også opnar for alvorlege refleksjonar rundt korleis vi sjølve er ansvarlege for lukka i liva våre.

Karakter: 8 av 10

Personvernpolicy