- Det er ikkje sant, alt eg seier

- Det er ikkje sant, alt eg seier
- Det er ikkje sant, alt eg seier

- Ein blir aldri ferdig med å utfordre kjønnsrollene, seier debutant Ellisiv Lindkvist.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ellisiv Lindkvist

Foto: Kari M. Hestad

Ellisiv Lindkvist (fødd i mai 1973 i Dyrøy, Troms) er skribent og dramatikar.

I 2003 fekk ho Nordnorsk Forfatterlags fondsstipend.

Bibliografi – Dramatikk:

Begjær 1000 – Premiere på Festspillene i Nord-Norge, Harstad, 1999

Kill your darlings – Premiere på Black Box, Oslo, 2001

Play.mobil – Premiere på Det norske teatret, Oslo, 2004

Bidrag i antologier:

Circum polaris – Cappelen, 1997

Texere – Universitetet i Oslo, 1997

Signaler –98 – Cappelen, 1998

Nordnorsk Temperament – Kagge Forlag, 2001

(Kjelde: Wikipedia)

- Er alt du skriv sant, Ellisiv Lindkvist?

- Nei, det er nok ikkje det, innrømmer debutanten med eit flir.

Dramatikar og skribent Ellisiv Lindkvist (34) er aktuell med boka «Alt jeg skriver er sant» - ei samling korte, personlege prosatekstar der lesaren får bli med forteljaren både på dans i heimbygda, på karaoke i Taivalkoski og då ho får tusen kroner for sin første orgasme:

- Er du 18 år?
- Ja.
- Er du jomfru?
- Ja.
- Vil du ligge med meg for 2000 kroner?
- Ja.

Det knytter seg i meg. En spenning og en opphisselse. For en tosk, jeg ville ligget med ham gratis. Han hadde bare trengt å spørre. Han kommer mot meg, vi står inntil hverandre. Han gir meg 1000 kroner.
- Du får resten etterpå, sier han.

(Utdrag frå boka «Alt jeg skriver er sant»)

- Tittelen på boka er ironisk og er meint å pirre lesaren. Fiksjonen er jo eit rom der ingenting er sant, seier Lindkvist.

Men forfattaren innrømmer at ho tar i bruk biografiske detaljar, til dømes vil lesaren kunne kjenne att heimstaden, studier ho har gått og andre ytre likskapsteikn.

34-åringen debuterer som prosaforfattar, men har tidlegare skrive dramatikk og har fast spalte på sistesida i Klassekampen. Ho er aktiv bloggar, og nyleg blei ho dessutan kulturredaktør i det feministiske tidsskriftet Fett.

- Har du eit feministisk prosjekt med det du skriv?

- Ja, denne boka kan seiast å vere feministisk, om enn ikkje på same krasse måte som spalta mi i Klassekampen. Eg forsøker å vere medviten kjønnsrollene i alt eg skriv, og og det er eit feministisk prosjekt hos meg at eg alltid forsøker å spørsmålsteikn, og rokke ved desse. Men ei bok gjev rom for å undersøkje fleire tankar samstundes, seier forfattaren.

Ei av tekstane som tydelegast viser Lindkvists feministiske prosjekt i denne boka, er avslutningsteksten «Jeg er en mann», der tydinga i den mannlege identiteten blir forskove og ironisert over:

Jeg er en mann. Jeg er nøytral. Jeg snakker sant. Jeg lyver aldri. Jeg er objektiv. Jeg er en mann. Jeg kan skrive. Jeg har utdannelse. [...] Jeg synes kvinner er vakre. Jeg kan snakke. jeg liker å pule. Jeg er en mann. [...] Jeg liker menn. Jeg liker å pynte meg. Jeg har høy sosial intelligens. Jeg har tretti skjørt. Jeg er en mann. Jeg bruker sminke. Jeg har hull i ørene. Jeg er empatisk. Jeg har en vagina. Jeg er en mann.

(Utdrag frå boka «Alt jeg sier er sant»)

- Kjønnsperspektivet vil alltid vere relevant. Endring tar jo tid, og enkelte bodskap må ein hamre inn på nytt, gong på gong. Målet mitt er å gjere fleire medviten om desse tinga, seier Lindkvist.

Les bloggen til Ellisiv Lindkvist her.

Personvernpolicy