Fangar med bok og litteraturpris

Fangar med bok og litteraturpris
Fangar med bok og litteraturpris
Artikkelen fortsetter under annonsen

Innsette i norske fengsel har hatt skrivekurs i mange år. No kan det bli bok av tekstane og eigen litteraturpris frå fengselet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:

Rådgjevar Øystein Hauge i Kriminalomsorgen region vest, meiner skrivekurs i fengselet er med på å hjelpe dei innsette mot ein ny kurs i livet.

- Det er erkjenninga av at litteratur er viktig for eit kvart menneske i ein kvar erkjenningsprosess som ligg bak, seier han.

Skriv tøft og barskt

Hauge er sjølv med og arrangerer kurset, og er klår på at dei litterære prestasjonane til fangane ikkje står attende for andre, liknande skrivekurs.

- Det vart lagt opp til eit lågterskelprosjekt, men me erfarer at det vert prestert avansert skrivekunst, meiner han og viser til at dei innsette har ein bakgrunn og ein kvardag å skrive frå som kan vere både røff og barsk. Dermed ligg ofte gode, språklege bilete lett tilgjenglege.

Utfordringa er å få folk interessert i kurset. Hauge vedgår at mange av dei innsette ser på det å skrive dikt som småjentete og puslete.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vil gi ut bok

Framover no håpar ein å få realisert ei bok der ein samlar fangane sine eigne prosatekstar og dikt.

- Me samarbeider med fengselsundervisninga, og ein lærar der har teke initiativ til å samle tekstane i ei bok, seier han.

Dei innsette i norske fengsel er i tillegg kjente for å lese betydeleg meir litteratur enn gjennomsnittet.

- Innsette i norske fengsel låner gjennomsnittleg 18 gonger meir bøker på biblioteket enn andre, slår Hauge fast og meiner tida er inne for at fangane får dele ut sin eigen litteraturpris. Det er nemleg få som verkeleg har lese meir enn dei som sonar i fengsel, meiner han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Deltek i kulturprosjekt

Norske fengsel er med i kulturprosjektet «Grundtvig Learning Partnership», der målet er å utveksle ulike kulturtilbod for innsette mellom dei sju europeiske landa som deltek.

Forutan Norge deltek Tyskland, Hellas, Kypros, Polen, Portugal og Italia. Prosjektet er treårig og skal gå fram til 2009. Norge bidreg med poesikurs for dei andre deltakarlanda.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Me har nett vore i Hellas for å lære dei om poesi i fengselet, attende får me til dømes glaskunst frå Italia, seier Øystein Hauge.

Hauge ser også gjerne at andre institusjonar tek aktivt i bruk skrivekunsten.

- Det er mykje upløgd mark i forhold til litteraturformidling. Ein ting er fengsel, det har me gode erfaringar med. Men det er også store moglegheiter i andre institusjonar. Kvifor kan ein ikkje ha skrivekurs på eldresentra, undrar han.

Døme på dikt frå fengselet:

BRUDD

Du har to brudd fra før, ser jeg
(friomsorgsfyren tror han har oversikten)

To brudd er vel litt i underkant, tenker jeg.
Men sier ikke’no.

Beinbruddet i toogsytti.
Kragebeinsbruddet to år seinere.

Innbruddene gjennom hele nittitallet.
Sammenbruddet (ikke mitt, mutterns)
Gjennombruddet i etterforskninga (ikke mitt, politiets)

Du har to brudd fra før, ser jeg.
Sier friomsorgsfyren.