- Norsk 17-åring valdteken på Sunny Beach

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei 17 år gammal jente skal ha blitt valdteken på den bulgarske feriestaden Sunny Beach.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Valdtekten skal ha skjedd for nokre dagar sidan, og jenta skal no vere tilbake i Noreg. Det melder VG Nett.

17-åringen skal ha blitt dopa ned før ho blei angripen og valdteken.

Fleire liknande tilfelle har kome fram tidlegare i sommar.

Fire danske jenter mellom 16-18 år har blitt valdtekne. Ein dansk 17-åring blei kvalt av sitt eige oppkast etter ein bytur og dørvaktar har også slått ein svensk 24-åring ihel på ein utestad.

Ei rekkje ungdommar har fortald at det har blitt putta dop i drinkane deira på utestadane i Sunny Beach. I tillegg har mange opplevd å bli rana med pistol og kniv på veg heim frå byturar.

Feriestaden er svært populær blant nordiske ungdommar, men har på grunn av alle valdshandlingane i sommar fått namnet «Bloody Beach».

Informasjonssjef i Apollo, Helen Begby, stadfestar overfor VG at reiseselskapet kjenner til valdtekten av 17-åringen, men vil ikkje uttale seg til avisa grunna omsyn til pårørande.
---
Illustrasjonsfoto forside: Flickr.com