Robert Burås blir heidra på Øya-festivalen

Robert Burås blir heidra på Øya-festivalen
Robert Burås blir heidra på Øya-festivalen

Madrugada og My Midnight Creeps arrangerer minnekonsert.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Djupt sakna
Gitarist Robert Buråas blir minna under årets Øyafestival.

I morgon klokka 20.20 blir det ein kort minnekonsert med låtar frå dei to banda til Robert Burås, My Midnight Creeps og Madrugada. Venner og bandkollegaer stiller opp og speler eit knippe låtar til minne om ein kollega som er djupt sakna.

På scenen går blant anna Sivert Høyem og Frode Jacobsen frå Madrugada, Kjartan Kristiansen frå DumDum Boys, Emil Nikolaisen frå Serena Maneesh og fleire andre kjende musikarar.

25 prosent av inntektene av dei 900 billettane som er igjen vil gå til eit minnefond for Robert Burås.

Det var 12. juli i år at Robert Burås gjekk bort. Han skulle eigentleg spele med My Midnight Creeps i morgon på Øyafestivalen.

Personvernpolicy