Slank, uansett

Slank, uansett
Slank, uansett
Artikkelen fortsetter under annonsen

Er sjølvbildet dårleg nok, og ønsket om ein vakker kropp tilsvarande stort, kan ein vere villig til å strekke seg langt for å oppnå varig vekttap.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Foto:
Stockxhng.hu

I vår vart slankemiddelet Alli slept laus for sal i USA. Pillene er reseptfrie og kan kjøpast i daglegvarebutikkane. Salet har gått svært godt, men alt har sin pris, også raske vegar til ein slank kropp.

Gjer i buksa

Ifølgje Aftenbladet sin Hollywoodbloggar Julie Werenskiold har Alli-pillene ein bieffekt som gjer at brukarane i verste fall kan komme til å gjere i buksa. Eller «sleppe ein oljete fis», som det heiter på nettstaden myalli.com. I brukarforumet på nettstaden deler brukarane erfaringane sine med kvarandre.

– Det kjennest som ei gassboble og kan øydelegge eit par fine shorts på eit sekund, fortel ein brukar. Brukarane oppmodar kvarandre om å bruke bind eller bleier for å sikre seg mot pinsame uhell.

Produsenten av slankepillen Alli er klar over problemet og oppmodar brukarane om å bruke mørke bukser og ha eit ekstra klesskift liggjande på jobben.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Heller sporty

Nordmenn har nok bortimot dei same kroppsideala som amerikanarane, sjølv om idealet vårt er meir sporty og friskt, meiner Ingela Lundin Kvalem, forskar ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring.

– Vi ser at idealet har gått meir vekk frå å vere spikertynn til å vere ein slank, sunn og veltrent person.

Skjønt nordmenn kan og ty til det drastiske når ønsket om ein slank kropp blir stort nok. Ei undersøking gjort for Opplysningskontoret for Meieriprodukt syner at snautt 275 000 nordmenn er på slankekur, og av desse oppgjer dei fleste å bruke kost og trening som slankemetodar.

Men mellom dei som har dårleg sjølvbilde er viljen større til å bruke medisin eller spesielle apparat for å slanke seg.

– Jo verre du opplever overvekta di, jo meir er du villig til å gjere, seier Kvalem.