Unge Venstre vil gje heroin på resept

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er politisk fleirtal i Danmark for å gje heroin på resept til narkomane. I Noreg er det berre Unge Venstre som vil det same.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Unge Venstre-leder, Lars-Henrik Michelsen, vil gje heroin på resept til narkoman. Foto: fra Unge Venstres hjemmesiderUnge Venstre-leder, Lars-Henrik Michelsen, vil gje heroin på resept til narkoman. Foto: fra Unge Venstres hjemmesider

- Heroin på resept reddar liv, reduserer nyrekruttering og betrar livssituasjon til dei narkomane, seier leiar i Unge Venstre, Lars-Henrik Michelsen i ein pressemelding.

Det er gjort gode erfaringar meir heroin på resept i både Tyskland og Sveits. I Zürich har heroinutdeling vore tilgjengeleg for alle heroinistar sidan 1991. No krev Unge Venstre at heroin på resept blir tilgjengeleg for norske narkomane.

- Det er på tide at regjeringa må få opp augo for kva tiltak som har gitt positive resultat i andre land, slik danske politikarar no gjer. Narkomane som får utdelt gratis heroin treng ikkje stele, tigge eller prostituere seg for å få pengar til stoff. Dermed blir livskvaliteten til den narkomane auka, og samfunnet sparar store utgifter, seier Michelsen, og held fram:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Med respekt for landets 11.000-15.000 sprøytenarkomane, og alle deira pårørande, bør ingen tiltak stå uprøvd.

På overdosetoppen

Noreg ligg på overdosetoppen i Europa. I følgje årsmeldinga til Det Europeiske Overvakingssenteret for Narkotika og Narkotikamisbruk for 2006, døyr over dobbelt så mange nordmenn av overdose som i resten av Europa. Samtidig har vi ein av Europa sine aller strengaste narkotikalovgjevnader.

- Dette har ein samanheng. Narkomane i Noreg blir gjort til kriminelle fordi samfunnet har nulltoleranse mot narkotika, og store ressursar blir brukt på å jakte tunge brukarar rundt i det offentlige rom framfor å gje dei hjelp. Vi treng ny kurs i narkotikapolitikken, og eit av dei nye tiltaka bør vere heroin på resept til tunge misbrukarar, seier Michelsen.

Hva synes du om å gi heroin på resept til narkomane? Registrer deg her eller logg på for å kommentere nedenfor.