Rachel Cusk: «Regn over Arlington Park» (Gyldendal 2007, 242 sider, omsett av Linn Øverås)Svart forstadspoesi

Artikkelen fortsetter under annonsen

Intelligent og skarpt satirisk om glattpolert, engelsk forstadsliv.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Rachel Cusk

Rachel Cusk blei av det litterære magasinet Grantas plukka ut som ein forfattar for dette tiåret. For romanen Saving Agnes mottok ho The Whitbread Award. Ho har også skrive The Temporary, The Country Life, som ho fekk Somerset Maugham Prize for, og no nyleg, A Life's Work, ei «minnebok» om å vere mor. Cusk bur i Somerset, England.


Arlington Park er hennar andre bok på norsk. Romanen De heldige kom på norsk i 2005.

(Kjelde: Gyldendal.no)

Rachel Cusk har skrive ein glitrande, underhaldande og grovt satirisk roman om fem kvinner i tredveåra og deira middelklassefrustrasjonar i den engelske forstaden Arlington Park. Dei er alle gifte, med barn, og kjenner på ei varierande grad av forbitring over det livet dei har endt opp med.

Rachel Cusk følgjer i tradisjonen til Virginia Wolf, og som Wolfs «Mrs. Dalloway» er handlinga lagt til ein enkelt dag i kvinnenes liv. Det er ikkje noko spesielt med denne dagen, kvinnene følgjer barna på skulen, drikk kaffi og drar på kjøpesenteret - men på slutten av dagen blir det som i Wolfs roman arrangert eit middagsselskap.

Sinne mot menn

Juliet var ein gong ein svært lovande student, men har endt opp som timelærar i engelsk på ein privat jenteskule. Ho kjenner seg lurt og svikta, bitter på ektemannen og menn generelt, blant anna fordi ho for seint forstod at det å få barn innebar at ho måtte gi opp ambisjonane ho hadde for sitt eige liv:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Arlington Park i regnet: en grå labyrint av velordnede gater der bilene passerte som private tanker. [...] Hun hadde aldri ventet å havne et slikt sted, hvor kvinner drakk kaffe dagen lang og skjøv på barnevogner i grå, velordnede gater og menn dro på jobb og aldri kom tilbake, som om de skulle dratt i krigen. Hun hadde sett for seg i en universitetsstilling et sted, eller på staben i en stor avis.

Solly er gravid for fjerde gong og kjenner seg «bare oppblåst, tom, [...] Hun følte et intenst behov for å kjenne en slags flatemotstand. Hun trengte å kjenne en grense mot verden før hun gikk helt opp i grøten av kjødelig forbindelse.» Denne motstanden får ho då ho leiger ut gjesterommet til italienske Paola, som mot alle konvensjonar har reist frå sin eigen son. «Han har det godt, han er sammen med sin far.» Paradoksalt nok framstår rotlause Paola som den einaste kvinna i romanen som verkar tilfreds og finn meining i sitt eige tilvære.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Så er det kasuset Amanda, ei forvrengd utgåve av Bree i TV 2-serien «Frustrerte fruer». Full av dødsangst styrer ho eit strengt perfeksjonistisk regime, der eit barns skribling på den kvite sofaen blir ei katastrofal, nærmast epifanisk hending.

Driftige Christine er den som tilsynelatande finn seg best til rette med forstadslivet. Ho er ein innbitt forsvarar for nabolagets enkle sjeler og står alltid parat til å rettferdiggjere sin eigen og venninnenes velstand. Men også ho har ei vag lengt i seg.

Groteskt og humoristisk språk

Språket er drivande godt - lettlese, men ikkje for enkelt. Cusk er ein dyktig forfattar med originale, tidvis groteske og svarte bilder, men også stor humor.

Mennene i romanen kjem ikkje heldig frå det. Uinteresserte, utan empati for konas frustrasjonar dreg dei på arbeid kvar morgon utan å vere klar over det kokande sinnet som kvinnene deira ber på: «Alle menn er mordere, tenkte Juliet. Hver eneste en. De dreper kvinner. De tar en kvinne, og så dreper de henne litt etter litt.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Likestillinga i Storbritannia har ikkje kome like langt som i Skandinavia. Barnehagar er ikkje rekna for å vere ei fullverdig erstatning for moras omsorg, så der er det framleis vanleg for kvinnene å vere heime med barna medan dei er små. Slik blir det å få barn verkeleg ei enorm livsendring for kvinnene. Men ein treng verken vere mor eller engelsk for å kjenne seg att i dei refleksjonane og menneska Cusk speglar i sin roman.

Karakter: 8 av 10