Åpen for alle - alltid

Fly krasja inn i hus

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit lite småfly krasja inn i to hus i byen Sanford i Florida. Minst fem skal vere drepne.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein familie på fire blei hardt råka då småflyet krasja inn i huset deira og flerra av taket ved 08.30-tida i dag tidleg. Mor, far og den fire år gamle dottera blei drepne, medan ein ti år gammal gut skal ha brannskader på over 80 til 90 prosent av kroppen, melder Sky News.

Dei to som var ombord i Cessna-flyet som krasja inn i bustadshusa, mista begge livet. Flygaren skal vere ein plastisk kirurg som tok flysertifikat i mai i år. Like etter avgang sendte flyet ut naudmeldingar om røyk i cockpiten, og flyet klarte berre å halde seg i lufta i seks minutt før det krasja med to hus, melder avisa Orlando Sentinel.

Begge husa stod i brann etter krasjet. Men medan familien i det første huset blei hardt råka, skal ingen ha vore heime i det andre.

Ulukka skjedde nokre kilometer frå Orlando-Sanford International Airport.

Flyet som krasjlanda var eit Cessna 310, eit tomotors fly som ofte blir brukt privat eller som taxifly. Det har plass til fem passasjerar.

Illustrasjonsfoto forside: Flickr.com