Klar for jentene

Klar for jentene
Klar for jentene
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner lever lenger enn menn, får beste karakterar i alle fag bortsett frå gym, får lettare jobb etter endt utdanning og halar sakte men sikkert innpå menn i jakta på dei gode posisjonane i samfunn

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsbilde:
Stockxpert.com

Åsne Høgetveit (21) er student i Tromsø og fylkestingspolitikar i heimfylket Telemark. Ho synest at å påstå at me lever i ei kvinnes verd er å dra det vel langt.

- I verdssamanheng er me komne langt når det gjeld likestilling, men isolert sett er ikkje norske kvinner spesielt likestilte. Lønsstatistikken syner heile vegen at kvinnene kjem dårlegast ut.

- Jenter og gutar har ikkje same føremon enno, meiner Åsne Høgetveit frå Vinje i Telemark. (Foto: Einar Schibevaag)- Jenter og gutar har ikkje same føremon enno, meiner Åsne Høgetveit frå Vinje i Telemark. (Foto: Einar Schibevaag)

Fleire kvinner må dessutan synest att i toppstillingar og i dei store verva før ein kan snakke om at kvinnene er med og eig verda, meiner ho.

Ikkje feministisk korrekt

Kva ho sjølv skal bli ein gong i framtida når Russlandstudiet er ferdig, veit ho ikkje. Kanskje noko innan utanrikstenesta eller diplomatiet. Ikkje akkurat typiske kvinneyrke.

- Eg prøver å ikkje tenkje så mykje på dette med kvinne- eller mannsyrke og trur ikkje at det vil påverke valet mitt. Det blir like feil av meg å ikkje velje eit typisk kvinneyrke berre fordi eg er feminist. Me må kunne velje det me ønskjer, uansett kjønn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lettare for mannen

Kristian Lindal Haug (21) studerer biologi i Bergen og drøymer om å bli lege. I 2006 var 75 prosent av alle norske legar menn. 9 av 10 som tar sjukepleiarutdanning er kvinner, medan 8 av 10 ingeniørstudentar er menn.

Yrkesvalet handlar om ein kombinasjon av interesse og økonomi og mindre om kjønn, meiner Kristian.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er jo mange jenter som studerer medisin no. Eg trur at gutar og jenter har same høve til å bli det dei vil.

Kvinner tener i gjennomsnitt 84 prosent av det menn tener. Kjelde: SSB Det som kan vere ulikt, er korleis ein får innpass i miljø dominert av det motsette kjønn.

- Ein mann i ein barnehage er jo berre positivt. Eg er ikkje så sikker på at jenter i mannsmiljø har det like lett.

Fleire merittar

Dei kjønnsbaserte avgrensingane er få, meiner Haug. I alle fall viss ein skal inn i ein gjennomsnittleg vanleg jobb.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kristian Lindal Haug trur ikkje jenter bør ha verneplikt så lenge ein i dag ikkje greier å avvikle tenesta for alle gutar. (Foto: Einar Schibevaag)Kristian Lindal Haug trur ikkje jenter bør ha verneplikt så lenge ein i dag ikkje greier å avvikle tenesta for alle gutar. (Foto: Einar Schibevaag)

- Til leiarjobbar er det nok vanskelegare for kvinner.
Menn har framleis meir bakgrunn og fleire merittar å vise til. Men Haug ser ikkje bort frå at det er skilnad på unge og eldre jobbtilbydarar og tippar den siste gruppa er meir tilbøyelege til å velje menn over kvinner.

Ufarleg

Ung og kvinneleg er eigenskapar som har vore med og ufarleggjort Åsne Høgetveit som politikar, trur ho. Åsne opplever at medpolitikarar oppfattar ho som snill og ufarleg, noko som kan vere både positivt og negativt.

- Eg får gjerne snakke lenger og folk høyrer lenger på det eg seier, som ein slags bonus. Spesielt dei eldre karane lar meg sleppe unna.

Det er fint å bli oppfatta som ein snill og smilande person, men ho ventar likevel først og fremst å få respekt for det ho står for.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I militæret

Av dei siste som fullførte førstegongsteneste var 305 kvinner og 6 274 menn. Kristian Lindal Haug har bakgrunn frå militæret ut over førstegongstenesta.

- Eg har hatt fleire kvinnelege befal. Det var greitt, det.

Kvinneleg verneplikt er han likevel ikkje så sikker på. Ein føresetnad måtte i alle fall vere at alle menn og blei kalla inn, og ikkje berre somme slik som no. Alle eller ingen. Fleire menn er gründerar og fleire menn enn kvinner startar aksjeselskap. Kjelde: Kilden

Det er også slik at menn har betre fysiske føresetnader for kamp i krig, meiner han.

Åsne Høgetveit seier ja til verneplikt for båe kjønn. Ho ser ikkje bort frå at det kunne vore spennande å tene fedrelandet eit år.

- Men då må også siviltenesta vere for alle og ikkje berre for gutane slik ho er i dag. Militær verneplikt skal ikkje vere det einaste valet, det må vere eit sivilt alternativ for alle.