- NAV bryt mållova

- NAV bryt mållova
- NAV bryt mållova
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum godtek ikkje offentlege førespurnader på bokmål. No har han sett seg lei på NAV, som gjentatte gonger bryt mållova.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Lei av NAV
Direktør ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, har sett seg lei på NAV sine gjentatte brot på mållova. (Foto: Nynorsk kultursentrum)

Mållova er ein lov alle statlege og offentleg organ er pålagde å følgje, og handlar om at bokmål og nynorsk skal vere jamstelte skriftspråk. Som nynorsk- eller bokmålsbrukar har ein til dømes rett til å motta informasjon og brev på den målforma ein sjølv nyttar. Skriv ein sjølv nynorsk, skal ein få svar på nynorsk.

Ifølgje Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum, bryt NAV (Arbeids- og velferdsforvaltninga) mållova:

- Vi fekk skjema frå NAV som var på bokmål, og dermed tok vi affære, seier Ottar Grepstad til ABC Nyheter.

Grepstad klaga NAV inn til Arbeids- og inkluderingsdepartementet der han påpeika dette, samt det faktum at mållova blir broten på NAV sine nettsider.

NAV er ein av Noregs største forvaltningsreformar. Målet er at tidlegare Aetat, samt Trygdekontor og Sosialkontor skal samlast til eitt kontor i kvar kommune og innen 2010 skal alle norske kommunar ha et lokalt NAV-kontor. Det inneber at så godt som alle nordmenn før eller seinare vil vere i kontakt med NAV.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Tar tid

I sitt svar til Nynorsk kultursentrum skriv NAV at dei er klar over problemet, men ber om forståing for at det tar tid å oppfylle krava i mållova.

- Vi er klar over at vi ligg etter, seier Espen Sunde i NAV til ABC Nyheter.

- Så du er einig med Ottar Grepstad i at NAV har gjort ein for dårleg jobb?

- Ifølgje mållova har vi gjort ein for dårleg jobb. Men etter forholda synest eg likevel ikkje at vi har gjort det. NAV er ein gigantisk reform, og vi er godt i gang i høve til denne. Problemet er at tidlegare etatar ikkje har følgt mållova, så utgangspunktet vårt var heller dårleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Slit med mållova

Sunde påpeiker at alle NAV sine brosjyrar no er på nynorsk, det same er det meste av informasjonen og skjema på Internett.

- Det er mange som publiserer stoff på NAV.no. Den enkelte redaktør har ansvar for det fagstoffet eller regionstoffet han eller ho publiserer. Klarar ikkje redaktøren sjølv å omsetje dette til nynorsk, skal den tenesta bestillast.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Innan utgangen av året reknar han med at det aller meste av NAV sitt informasjonsmateriell, skjema og blankettar vil vere å finne både på bokmål og nynorsk.

- Er mållova for streng, synest du?

- Mållova er vanskeleg. Det blir stilt tydelege, konkrete krav, som dei fleste slit med å oppfylle. Ein må rekruttere folk med nynorsk kompetanse i offentleg forvalting, men det blir gløymt og er sjeldan eit sentralt spørsmål i tilsetjingsprosessen, seier Sunde.

Bokmåls-nekt

Nynorsk kultursentrum har sett ein streng standard og tar til dømes ikkje omsyn til dokument og brev frå det offentlege som er i strid med mållova. I praksis vil det seie at stiftinga nektar å svare på offentleg korrespondanse som kjem på bokmål, om det ikkje går ut over ein uskuldig tredjepart.

- Vi har oppnådd resultat med vår praksis. Vi er såpass strenge for å markere at vi har våre rettar på dette punktet, men det betyr ikkje at dette er noko vi vil halde på med i alle æve. Regjeringa har markert ei tydeleg linje og varsla ei strengare oppfølging av mållova, seier Grepstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Internett eit problem

Ifølgje Ottar Grepstad er det særleg på Internett at mållova ikkje blir følgt opp.

- Nettet er eit problem. Vi ser at sentrale statsinstitusjonar får engelske og samiske versjonar av sine startsider, men nynorsken blir gløymt. Dette gjeld til dømes nettsidene til Norsk kulturråd, Nasjonalbiblioteket og ABM utvikling. Vi skal sjå på dette over sommaren, seier Grepstad, som understreker at det er Språkrådet som har tilsynsfunksjonen.