Reklamen fyller opp postkassa

Reklamen fyller opp postkassa
Reklamen fyller opp postkassa

Meir og meir reklame finn vegen til postkassene. Stadig oftare kjem det som istikk i avisa du abonnerer på.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Illustrasjonsfoto:
Scanpix

Ein fjerdedel av all uadressert reklame er istikk i aviser og blad. Frå 2004 til 2005 auka istikk-sendingar med 20 prosent, frå 2005 til 2006 var auken på 12 prosent. Det tyder over 700 millionar istikk i fjor.

Kan ikkje seie nei

Meir enn 1,5 millionar nordmenn har per i dag reservert seg mot uadressert reklame. Men medan det går an å reservere seg mot uadressert reklame generelt, finst det per i dag ingen moglegheit for å unngå istikk.

- For å sleppe istikk, må du seie opp avisa di, og det er ikkje noko løysing, seier forbrukarombod Bjørn Erik Thon til ABC Nyheter. Thon seier ombodet generelt ønskjer ein «ja takk»-politikk på alle område som gjeld uadressert reklame, det vere seg telefonsal, papirreklame eller istikk i avisene. Med ein slik politikk vil det bli opp til forbrukarane å seie frå når dei vil ha reklame i staden for å reservere seg mot han.

Blir brukt

Ei undersøking gjort av Nordiske Mediedager i 2005 syner at 60 prosent av avislesarane ikkje likar reklame-istikk i avisene. Samtidig viste tal frå Adresseavisa at det 150 kilo tunge opplaget av aviser besto av heile 50 kilo istikk.

- Bildet er ikkje så eintydig, seier Bjørn Wisted , fagsjef i Mediebedriftenes landsforening.

- På eit direkte spørsmål «vil du ha istikk i avisene» vil kanskje ryggmargsrefleksen gjere at ein svarar nei. Men samstundes veit me at folk brukar reklameistikka aktivt til å orientere seg i handelsmarknaden. Dette er dessutan eit produkt annonsørane vil ha.

Ein del av pakka

Avisabonnementet dekkjer berre det det kostar å distribuere avisene ut til postkassene. Produksjonskostnaden må dekkjast inn gjennom annonser, og skal ein få eit godt redaksjonelt produkt er reklame ein del av prisen som må betalast, meiner Wisted.

Ei ny lov om marknadsføring og annan marknadspraksis skal vere klar rundt årsskiftet 2007/2008. I det førebelse utkastet til lovtekst er det ikkje opna for ein reservasjonsrett mot istikk. Eit forbod mot å leggje reklame framføre ytterdøra utan bebuaren sitt samtykke kan derimot vere aktuelt.

- Reklameistikk er ikkje uadressert reklame, men ein del av avisa på line med annonsane inne i avisa, seier Wisted.

- Det er rett og slett ein del av pakka avisabonnentane har kjøpt, og det ser det ut til at også lovgjevar har forstått.

Fakta:
Rapporten Det norske postmarkedet 2006 frå Post- og teletilsynet syner at frå 2005 til 2006 har:

- Talet på brev gått ned med 6 prosent

- Talet på aviser gått ned med 7 prosent

- Talet på reklamesendingar auka med 12 prosent

Personvernpolicy