Nye reglar øydelegg kvinners karriere

Nye reglar øydelegg kvinners karriere
Nye reglar øydelegg kvinners karriere
Artikkelen fortsetter under annonsen

Banktilsette kvinner i Saudi-Arabia får ikkje lenger arbeide i same lokale som sine mannlege kollegaer.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Streng kleskode
Kvinner kledt i den tradisjonelle drakta abaya, vanleg i Saudi-Arabia. (Foto: Scanpix)

Nye reglar som blir tvungne fram på grunn av Saudi-Arabias strenge kjønnsskiljer, gjer at kvinnelege banktilsette no blir åtskilt frå sine mannlege kollegaer på arbeidsplassane. Bankverksemda er eit av dei få forretningsområda der saudiarabiske kvinner har fått fleire rettar dei siste åra. Kvinnelege banktilsette utgjer no om lag 15 prosent av den samla arbeidsstaben. No føler dei seg pressa ut av arbeidslivet, melder AP.

Enormt tilbakeslag

Dei nye tiltaka er eit enormt tilbakeslag for kvinnene som lenge har strevd for retten til å kunne sørgje for seg sjølve i eit mannsdominert samfunn.

Ei kvinne fortel til AP at ho kom på jobb ein dag og blei fortald at ho ikkje lenger skulle arbeide på sin vanlege plass ved sida av sine mannlege kollegaer. Kontoret hennar hadde blitt flytta til ei avdeling berre for kvinner, i førsteetasjen av bygninga, sånn at ho og dei andre kvinnelege tilsette ikkje kan blande seg med menn som tar heisen oppover i etasjane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei anna kvinne fortel at ho frå no av skal haldast åtskilt frå mennene i banken ved hjelp av ein skiljeveg.

- Korleis skal vi utvikle oss, korleis skal vi lære? Dette vil vere ei katastrofe for karrierane våre, seier kvinna til AP.

- Livet mitt har endra seg over natta. Eg kan ikkje gå på møte. Eg kan berre snakke med dei mannlege kollegaene mine på telefon.... Det er eit stort kaos, uttalar kvinna som har blitt forvist til førsteetasjen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Streng islamsk livsstil

Saudia-Arabia har lenge handheva ein streng, islamsk livsstil, der menn og kvinner blir halden åtskilte i det offentlege rom, inkludert skular, universitet, restaurantar, kjøpesenter og så vidare.

Men dei nye tiltaka, som råkar fleire bankar i Riyadh, har overraska mange kvinnelege banktilsette. Dei rekna med at staten såg gjennom fingrane med det blanda miljøet, fordi dei ønskte at saudiarabiske kvinner skulle avansere i arbeidslivet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner har lenge vore utestengde frå fleire yrke, særleg innanfor juss, og frå fag som ingeniørvitskap, journalistikk og geologi. Arbeidslova i landet forbyr tilsetjing av kvinner i «hasardiøse jobbar» og tillet dei berre å arbeide innanfor «område som passar deira natur» - utan at det blir spesifisert kva område det er snakk om.

Saudiarabiske kvinner utgjer mindre enn ti prosent av den samla arbeidsstyrken og arbeider for det meste innan utdannings- og helsesektoren.

Bryt internasjonale avtalar

Dei nye reglane går imot statens forsikringar om at dei vil gje kvinnene fleire yrkesmoglegheiter, ifølgje kvinnene AP har snakka med. Dei meiner også at dei nye reglane bryt med fleire avtalar som Saudi-Arabia har signert med internasjonale organisasjonar, som arbeider mot diskriminering av kvinner.

- Dei nye tiltaka tar motet frå kvinnene og hindrar dei i å søkje leiarstillingar, og dei oppmuntrar arbeidsgivarar til å tilsetje menn i staden for, seier historikaren Hatoon al-Fassi til AP.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bankane har allereie strenge reglar som overvakar samspelet mellom dei kvinnelege og mannlege tilsette. Kvinner må til dømes gå med den lange, svarte klesdrakta abaya og dekkje seg til med slør. Dei får ikkje gå med sminke, dei får ikkje delta på lukka møter med mannlege kollegaer eller gå på forretningslunsjar med mannlege klientar, i frykt for at det religiøse politiet vil arrestere dei for ulovleg samkvem med menn.