Meny

Arrangerer heksemøte for fjerde gong

Arrangerer heksemøte for fjerde gong

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kva slags hekseri og trolldomskunstar driv dei på med i Vardø under årets internasjonale heksekonferanse? Og kva har Helga Pedersen å gjere med det heile?
Heksebrenning

Bilde av heksebrenning i Tyskland frå 1632. (Foto: Wikipedia Commons)

 

2007 er fjerde året Vardø arrangerer heksekonferanse. Årets konferanse er eit samarbeid med Universitetet i Tromsø, Universitet i Texas og Universitetet i Tampere.

 

Få programmet til konferansen her.

Fiskeriminister Helga Pedersen heldt opningstalen under årets heksekonferanse. (Foto: Scanpix)Fiskeriminister Helga Pedersen heldt opningstalen under årets heksekonferanse. (Foto: Scanpix)

Heksekonferansen 2007, eller The Midnight Sun Witchcraft Conference som er det internasjonale namnet, blir i dag opna av ingen ringare enn fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. Men dei som no ser for seg Pedersen flygande på kosteskaft og dansande rundt sankthansbålet, vil bli skuffa.

For skal vi tru initativtakar Riitta Leinonen, så har den internasjonale heksekonferansen svært lite å gjere med både hekseri og den moderne wicca-religionen.

- Nei, nei. Dette er ein internasjonal forskarkonferanse, som vi forsøker å kople til meir populærvitskaplege emne for eit stort publikum, fortel Leinonen til ABC Nyheter. - I tillegg til det faglege, akademiske innhaldet, krydrar vi det heile med musikk- og naturopplevingar, og framsyning av spesialskrivne teaterstykke frå Teaterfabrikken i Vadsø.

Temaet for årets heksekonferanse er heksekraft i litteraturen og historia, tortur, forfølging og menneskerettar, og hekser, sjamanar og demonar.

Finmark verst

Helga Pedersen trakk i sin opningstale linjer frå 1600-talets hekseprosessar til det ho kallar moderne heksejakter:

- Vi kan bruke den kunnskapen vi har om 1600-talets hekseprosessar til å ta fatt på det eg vil kalle dagens hekseprosessar i verda, der menneske blir forfølgde på grunn av kjønn, etnisitet, seksuell orienterering og politisk tilhøyrigheit, seier ministeren til ABC Nyheter.

Finmark var det fylket i Noreg der heksejakta ramma aller verst: minst 92 menneske fekk dødsdom. Til saman kjenner ein til 860 kvinner og menn som ble skulda for å vere hekser og trollfolk i Noreg, men det kan ha blitt ført prosessar mot dobbelt så mange.

Ifølgje Helga Pedersen er det ikkje tilfeldig at det for storparten var kvinner som blei brende på bålet.

- Det var kvinner som stakk seg fram og var annleis, og slik er situasjonen også i dag, fleire stader i verda. Til dømes i Rwanda, der kvinner kjempar for eigedomsrett og retten til å gifte seg på ny, og for kvinnene i Gaza, som blir truga på livet om dei ikkje følgjer den islamistiske kleskoden.

I sin tale trakk ho trådar frå hekseprosessen til dagens aktuelle problemstillingar kring undertrykking og kjønnslemlesting av kvinner, vold i nære relasjonar og tvangsekteskap.

Nypaganisme og Harry Potter

Under konferansen i dag skal den engelske forskaren Diane Purkiss ta for seg nypaganisme i barnelitteraturen - så som til dømes J. K. Rowlings Harry Potter-bøker.

I morgon kjem den amerikanske juristen Amon Burton frå Universitetet i Texas for å snakke om tortur i tidlegare tider knytt opp til den amerikanske fangeleiren Guantanamo Bay på Cuba.

- Vi skal også ha foredrag om sjamanar, demonar og samisk trolldomskraft, og her får vi hjelp av både lokale og nordiske krefter. Ein islandsk forskar skal snakke om mannlege hekser, på Island var det nemleg berre menn som blei brende på bålet, dømde for hekseri, fortel Riitta Leinonen.

Heksebål i dag

Spennvidda er med andre ord stor på årets heksekonferanse. Men heksebåla er den raude tråden. Den siste kvinna som her i landet blei brent på bålet, skulda for hekseri, var Johanne Nilsdatter frå Kvæfjord i Troms, henretta november 1695. Men, minnar Leinonen oss på, framleis blir tusenvis av menneske brende som hekser kvart år:

- Heksebåla brenn på det afrikanske kontinentet. I Tanzania blir tusenvis av kvinner drepne, i Kongo har vi døme på at dei også brenn såkalla «heksebarn», barn som gjerne har fysiske eller psykiske avvik. Dette vil også bli tatt opp på konferansen.

Forfølginga av hekser førekjem oftast i dei landa i Afrika som er mest moderne. TIl dømes Sør-Afrika, og Zimbabwe og altså Tanzania, der dei skal ha brent 5000 menneske som hekser i løpet av få år.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus